HjemProsjekterNasjonalbiblioteket avd. Mo i Rana, automatlager og lydlaboratorium
Nasjonalbiblioteket avd. Mo i Rana, automatlager og lydlaboratorium
Til automatlager 3 og lydlaboratoriet har Sverre Gullesen utvikla eit stort og integrert fasadeverk med utgangspunkt i lyden frå dei fyrste voksrullopptaka av folkemusikk som finst i arkivet. Inne har han montert ein veggskulptur i betong.
Kunstprosjektet Sverre Gullesen har utvikla til fasaden på lydlaboratoriet, er ei visualisering av voksrullopptak av slåtten «Fanden på bordstabelen», som blei gjort av Narve Skarpmoen på byrjinga av 1900-talet. Lyden snor seg som ein stor, bølgete strek på fasaden og er ein integrert del av veggen.
Gullesen har henta eit element frå det arkivmaterialet i Nasjonalbiblioteket som høyrer til det nasjonale «minnet» vårt, og gjort det tilgjengeleg for publikum på utsida i ei ny form. Verket peikar på hardingfelemusikken og den sentrale rolla den norske folkemusikken hadde i historia, kulturen og sjølvforståinga til nasjonen vår kort tid før oppløysinga av unionen med Sverige. Opptaka verket har utgangspunkt i, har karakter av å vere unike tidsdokument som bind saman lyden av tradisjon og modernitet i skjeringspunktet mellom kulturell nasjonsbygging, urban teknologi og rurale kulturuttrykk. I motsetnad til andre kjende fonografopptak av norsk hardingfelespel dokumenterer opptaka til Skarpmoen ein friare og meir eigenarta lokal framføringspraksis, og dei gir oss dermed eit heilt spesielt innblikk i denne spelestilen.
I fasadeverket gjer Gullesen opptaket visuelt levande gjennom eit breitt og variert fargespel som er improvisert fram under produksjonen. Teglet er handmåla av kunstnaren og glasert på fabrikken til teglprodusenten i Sveits.
Her kan du høyre lydopptaket av Fanden på bordstabelen:
I kunstnarskapen sin utforskar Gullesen ulike typar materiale som gjerne er knytt til moderne industri, som betong og slagg. I fasadeverket har han jobba med teglstein for fyrste gong.
Inne heng veggarbeidet Uten tittel (vegg/gulv # 3) frå 2022. I dette verket har Gullesen jobba med eit abstrakt modernistisk formspråk og ein røff materialitet inspirert av skulpturane til Odd Tandberg og arkitekturen til Erling Viksjø. Materiale som betong og jernslagg blir gjerne forbundne med industri og noko varig, men etter at Gullesen har omarbeidd dei kunstnarisk, kan flatene opplevast som både skjøre og poetiske. I lokal samanheng kan jernslagg vise til verksemda til Norsk Jernverk. Både Norsk Jernverk og den modernistiske arkitekturen til Viksjø kan sjåast som symbol på etterkrigstida og framveksten av det norske sosialdemokratiet, og i betongverka sine hintar Gullesen formmessig, materielt og konseptuelt til denne historiske perioden.
Felles for verka i dette kunstprosjektet er at dei rører ved spørsmål om teknologi og den kulturelle identiteten til det moderne Noreg.
Sverre Gullesen (f. 1980, Mo i Rana) er utdanna ved Kunstakademiet i Oslo og École nationale supérieure des arts visuels de La Cambre i Brussel. Han har mellom anna stilt ut på Kunstnerforbundet (Oslo), 222T (Oslo), Sandefjord Kunstforening og Kraft (Bergen). Han er innkjøpt av Nasjonalmuseet, Oslo kommunes kunstsamling, Storebrands kunstsamling, Preus museum (Horten) og Vestfossen. Frå 2006 til 2015 jobba han med kunstnargruppa D.O.R. og dreiv Gallery D.O.R. i Brussel. Han har tidlegare utført offentlege kunstprosjekt for KORO på Brann- og redningsskolen i Tjeldsund (2018) og for Oslo kommune på Ullern videregående skole (2018). Hausten 2024 gjorde han ferdig eit omfattande prosjekt utanfor det nye Tøyenbadet.