Kultur- og likestillingsdepartementet

Kultur- og likestillingsdepartementet er ein sentral premissleverandør for kunstfeltet, og kontoret og møterommet til kulturministeren har tradisjonelt vore ein prioritert arena for kunst. Her er blikket retta mot moglegheitene til kulturpolitikken, og her blir kulturministeren regelmessig intervjua og avbilda.

Løpere, Ann Cathrin November Høibo. Fotograf: Christian Tunge

Om prosjektet

Med dette som utgangspunkt har KORO kuratert ei ny og temporær kunstsamling for romma, der kvinnelege kunstnarar er sterkt representerte. Kvar for seg har verka distinkte uttrykk, men dei spelar også på kvarandre. Felles for alle er at dei krev noko av betraktaren over tid.

Statsrådseksjonen har fått ein brei representasjon av ulike teknikkar og materiale: tekstil, foto, måleri samt skulpturar utførde i keramikk og tre. Breidda i norsk samtidskunst blir også spegla i alderen på kunstnarane, og geografisk dekker dei Noreg frå Tromsø til Kristiansand.

I møterommet er det montert kunstverk som både toler den metta og tidstypiske bakgrunnen og som snakkar same språk. For ekstra stimuleringsmiddel kjøpte KORO i 2021 eit eineståande tekstilverk av Ann Cathrin November Høibo (f. 1979, Kristiansand). Det monumentale vovne arbeidet hennar Løpere ber i seg den lange historia og tradisjonen til tekstilkunsten, men har også eit samtidig uttrykk gjennom utradisjonelle materialval og fargebruk.

I det same rommet heng det store oljemåleriet P.W.M. (Play With Me) av Dag Leversby (f. 1952, Oslo) og supplerer veven til November Høibo. Leversby debuterte på Haustutstillinga i 1983 og har kontinuerleg utført måleri i store format. Han har budd og arbeidd i New York i fleire år.

Treskulpturane i bjørk av Åsne Kummeneje Mellem (f. 1995, Tromsø) Pahka, yhestä neljhään / Rirkule, ein til fire, er plassert samla som ei gruppe på ein låg sokkel og blei montert på staden av kunstnaren sjølv. Rirkuler er halvkuleforma utvekstar som finst på stammer av bjørk, gran eller furu. Veden i desse er oftast hardare enn vanleg treverk, og dei har derfor tradisjonelt vore brukt av treskjerarar og knivmakarar.

Detaljer

Adresse

Grubbegata 1, 0179 Oslo

Fylke

Oslo

Kunstnere

Åsne Kummeneje Mellem
Ann Cathrin November Høibo
Dag Erik Leversby

Prosjektansvarlig og kurator

Anna Katharina Haukeland

¨
Varighet

Temporært

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for besøkende

Program

Kunst til andre offentlige arenaer

Kunstverk