Krigsskolen på Linderud

Ein radar blir brukt både til navigasjon i fly og skip og til meir aggressive formål som å sikte inn kanonar og dirigere bombeangrep. I veggmåleriet Target Control på Krigsskolen har Eivind Blaker (NO) og Espen Henningsen (NO) laga eit stilisert fiktivt radarbilete.

Target Control, av Espen Henningsen og Eivind Blaker. Fotograf: Trond A. Isaksen

Om prosjektet

Ideen bak ein radar er enkel. Apparatet sender ut signal som møter eit objekt, som deretter blir sendt tilbake til ein mottakar. For dei av oss som verken har vore i styrerommet på eit skip eller i kontrolltårnet på ein flyplass, og som assosierer uttrykket «dopplereffekten» med ein roman av Erlend Loe, er radaren noko vi kjenner best frå populærkulturen, det vere seg filmar, bøker, dataspel eller teikneseriar. Det er slike førestillingar om radaren dei to kunstnarane tok utgangspunkt i da dei fekk i oppdrag å lage eit kunstverk til eit nybygg på Krigsskolen på Linderud.

Krigsskolen vart opna i 1750 og er den eldste institusjonen for høgare utdanning i landet. Lenge heldt offisersskolen til i Tollbugata i Oslo sentrum, men i 1969 blei den flytta til Linderud utanfor bykjerna. Krigsskolen tilbyr i dag ei treårig leiarutdanning for offiserar, og dekker dessutan fagområda militærmakt, leiing og landmakt, ingeniørfag og logistikk, sistnemnde i tilknytning til avdelinga Operativ. Eit nytt undervisningbygg vart reist i 2012, som ei forlenging av hovudbygningen. Arkitekturen er enkel og funksjonell, og innvendig dominerer kvite og reine flater og store vindauge.

Target Control er eit 11 meter langt og 3,5 meter høgt emblem som dekker korridoren mellom vestibylen og grupperomma. Store vindauge på den eine sida har utsyn mot eit utandørsatrium. Utgangspunktet for verket til Blaker og Henningsen er eit konstruert radarbilete som peiker mot eit område på eit fiktivt kart, der koordinatane viser til den faktiske plasseringa til Krigsskolen og datoen verket vart skapt. Verket er måla direkte på veggen. Grøntonane i måleriet minner om kamuflasjedraktene som blir brukt i Hæren. Radaren kan tolkast som eit symbol på Hæren sitt forsvar av landområde i Noreg, men kan òg vise til korleis Forsvaret er orientert mot omverda.

Detaljer

Adresse

Utfartsveien 2
0593 Oslo

Fylke

Oslo

Kunstnere

Espen Henningsen
Eivind Blaker

Ferdigstilt dato

01.06.2012

Prosjektansvarlig

Mette Kvandal

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Laila Haugan
Hans Thorsen

Mottakerinstans

Forsvaret

Byggherre

Forsvarsbygg

Arkitektkontor

Arkitektkontoret GASA AS

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Limited public access

Program

Kunst til statens nybygg