HVL Høgskolen på Vestlandet, campus Bergen

Campus Kronstad blei tatt i bruk i 2014. Nå er høgskulecampusen utvida med det mest moderne undervisningsbygget på Vestlandet, og med det er ei stor samlokalisering endeleg i mål. Kunstprosjektet i det nye bygget står i samband med kunsten i den eksisterande bygningen.

Coalescence, Tamrat Gezahegnes. Fotograf: Pål Hoff

Om prosjektet

Den etiopiske kunstnaren Tamrat Gezahegne (f. 1977) bur og arbeider i Addis Abeba. I 2016 besøkte Gezahegne Kronstad som artist in residence som ein del av det temporære prosjektet Vågestykke, som gjekk føre seg på campusen mellom 2016 og 2018. Nå får arbeida hans residere i det nye bygget, og det på permanent basis.

Tekstilverket Coalescence består av fleire delar montert i to etasjar og er sett saman av broderte kollasjar av handvovne og trykte tekstil. Desse har Gezahegne henta frå alle delar av heimlandet Etiopia, som med sine 86 folkegrupper representerer eit mangfald av kulturelle, sosiale og religiøse variasjonar innanfor både den moderne og den tradisjonelle levemåten. Bildespråket er sterkt påverka av gamle symbol som mellom anna blir nytta i kroppsmåling hos stammefolk i Etiopia.

Tittelen Coalescence, koalesens eller samansmelting på norsk, viser til ein prosess der to eller fleire dropar eller partiklar slår seg saman, til dømes når det regner. Nå mange små dropar kolliderer med kvarandre og dei nye dropane blir store og tunge nok, fell dei frå skyene som regn. Den same prosessen var viktig i danninga av planetar og stjerner.

Gezahegne har òg utforma folieringa på glasflatene i bygget. Folieringa viser eit alfabet han har utforma sjølv. Dette alfabetet, eit hieroglyfisk skriftsystem, er basert på mangfaldet av munnlege språk i Etiopia og er i nær slekt med fidel, eit skriftspråk konstruert for rundt 2500 år sidan og nytta i mellom anna amharisk.

Wenche, Per Otto, Audun og Koubang er titlar og namn på nokre av skulpturane Gisle Harr har laga til Campus Bergen. Han skildrar naboar, vener og folk frå lokalmiljøet skalert ned til ein stad mellom 1:3 og 1:2. Ein kan møte Harr sine kvardagsmenneske over heile Kronstad, både inne og ute, også i den eldste delen av campus. Harr lagar skulpturar som viser oss som vi er: sårbare, einsame, sosiale og imøtekommande, kort sagt menneskelege.

Innimellom stiger vannet av Therese Hoen er plassert rundt i fleire etasjar i K2. Ei mengde beverar støypte i betong rører seg tilsynelatande uhindra gjennom bygningskroppen. Verket hintar om ei verd ved sida av vår eiga; vi får berre eit glimt av beveren i forbifarten. Beveren er sky, helst synleg gjennom det den gjer. Den bygger og endrar verda den lever i, og er kjend som ein såkalla nøkkelart som bidreg til at andre artar får gode leveforhold.

Også eit stort veggarbeid av Kim Hiorthøy blir remontert i det nye bygget. Desse figurane er eit restopplag frå verket Liste, som blei montert i campusbygget frå 2014. Høgskulen kjøpte figurane, som i mellomtida har vore monterte i eit leigebygg i Møllendalsveien. No er både studentane og kunsten flytta til permanente lokale. Slik dannar kunsten linjer mellom ny og gammal bygningsmasse.

Detaljer

Adresse

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Fylke

Vestland

Kunstnere

Gisle Harr
Therese Hoen
Tamrat Gezahegne
Li Binyuan

Planlagt ferdigdato

30.09.2024

Prosjektansvarlig

Anna Katharina Haukeland , KORO
Stine Arnet Høyem , KORO (til desember 2019)

Kurator

Trond Hugo Haugen , KORO
Sissel Lillebostad , KORO

Arkitektkontor

L2 Arkitekter

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk

Les om kunsten på HVL campus Bergen

Bli med på digital rundtur på Campus Bergen!