Haugaland tingrett

Camilla Løws todelte verk The Modern Dance er utforma for å ramme inn elementa rundt seg og halde sikta open mellom inngangspartiet og seremonirommet og ut til torget utanfor huset.

 

Om prosjektet

Haugaland tingrett ligg sentralt plassert ved Haugesund torg, like ved Haugesund Teater og det rosa, nyklassisistiske rådhuset. Inngangspartiet har glassveggar og betongsøyler, og i dette høglofta rommet heng Camilla Løws (NO) verk The Modern Dance (Part One) frå taket. Verket består av fire eikerammer som er hekta inn i kvarandre og måla i kvar sin farge med lakkmåling: svart, raud, blå og gul. Tanken er at verket ikkje skal stenge for lyset og sikta, men ramme inn element rundt seg, alt etter kva vinkel ein ser frå.

I seremonirommet, som mellom anna blir brukt til vigsel og konfirmasjon, står den skulpturelle installasjonen The Modern Dance (Part Two). Her er to 180 centimeter høge kvite rammer sett i kryss på golvet slik at dei til saman dannar ein smal, rektangulær form. På tvers mellom to og to av kantane går det horisontale stavar som er måla i dei same fargane som rammene i inngangspartiet. Verket kan gi assosiasjonar til ein abstrakt menneskefigur samtidig som det speglar dei rektangulære formene i rommet. Dei kvite rammene går nesten i eitt med veggen bak, og dei horisontale linjene blir meir eller mindre synlege når ein går rundt installasjonen.

Dei to verka er plassert slik at ein kan sjå dei samtidig, og tanken er at dei kommuniserer med kvarandre gjennom lik bruk av materialar, fargar og abstrakt formspråk.

Camilla Løw (f. 1976) er utdanna ved Glasgow School of Art. Ho har ei leiken og personleg tilnærming til modernistisk tradisjon og formspråk. Ho har stilt ut verk ved mellom anna Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design i Oslo, Hayward Gallery i London og Momentum – nordisk festival for samtidskunst. Ho har hatt oppdrag for Henie Onstad Kunstsenter, Kunsthøgskolen i Oslo samt Statoils hovudkontor.

Detaljer

Adresse

Sørhauggt. 80, Haugesund

Kunstner

Camilla Løw

Ferdigstilt dato

31.07.2008

Prosjektansvarlig

Elisabeth Tetens Jahn

Kunstutvalgets øvrige medlemmer

Anders Tomren
Katrine Giæver
Annette Kierulf

Arkitektkontor

Arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke AS

Mottakerinstans

Domstoladministrasjonen

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til leiebygg og eldre statlige bygg

Kunstverk