Follobanen Ski stasjon

Tiril Schrøder skal utforme eit monumentalt verk til nye Ski stasjon. I byggeperioden har Ebba Moi gjennomført eit mellombels kunstprosjekt, Fargane i Ski, i samarbeid med elevar ved Ski ungdomsskole og den lokale kunstnaren Anas Salameh. Dei har brukt fargelære som utgangspunkt for å sjå på heimbyen med nye auge.


Vis på kart
Lukk kartet
Finn veien

Finn veien til Fol­lo­ba­nen Ski stas­jon

eller
Finn stedet der du er nå
Velg transporttype:
Avbryt
  • Sted og identitet, Tiril Schrøder. Fotograf: Illustrasjon
  • Fargane i Ski, Ebba Moi. Fotograf: Signe Marie Andersen
  • Fargane i Ski, Elevar frå Ski ungdomsskole dokumenterer fargebruk i Ski sentrum. Fotograf: Signe Marie Andersen
  • Fargane i Ski, Ebba Moi, Anas Salameh og elevar ved Ski ungdomsskole. Fotograf: Signe Marie Andersen
  • Fargane i Ski, Blanding av fargar. Fotograf: Signe Marie Andersen
  • Fargane i Ski, Ebba Moi, Anas Salameh og elevar ved Ski ungdomsskole. Fotograf: Signe Marie Andersen
  • Fargane i Ski, Ebba Moi. Fotograf: Signe Marie Andersen
  • Fargane i Ski, Før og etter. Fotograf: Signe Marie Andersen
  • Fargane i Ski, Ebba Moi og Anas Salameh. Fotograf: Signe Marie Andersen
  • Fargane i Ski, Gruppebilete frå opninga av kunstprosjektet. Fotograf: Signe Marie Andersen
  • Sted og identitet, Tiril Schrøder. Fotograf: Illustrasjon
  • Sted og identitet, Tiril Schrøder. Fotograf: Illustrasjon
Klikk for å zoome

Om prosjektet

Om prosjektet

Tiril Schrøder (f. 1969) vann konkurransen om kunstoppdraget til nye Ski stasjon. Ho har brei utstillingsbakgrunn frå inn- og utland, og er professor ved Kunsthøgskolen i Oslo. I vinnarutkastet har ho tatt heile betongveggen som vender mot Ski sentrum i bruk – kunstverket vil fungere som éin stor kollasj på 66 meter i breidda og fire meter i høgda. Verket skal stå ferdig våren 2020.

I prosjektperioden har Ebba Moi (f. 1971) fått i oppdrag å gjennomføre det deltakande kunstprosjektet Fargane i Ski. Moi er utdanna ved kunstakademiet i Trondheim og starta karrieren som skulptør. Etter kvart har ho dreid fokus mot deltakande kunst og kunst i offentlege rom. Tanken er å bruke kunstprosjekt til å inkludere grupper som vanlegvis ikkje har ei stemme i det offentlege rommet.

I Ski inviterte ho elevar frå Ski ungdomsskule til eit utforskande og skapande samarbeid som ho hadde lagt rammene for. Mange av ungdommane som vart med, gjorde det som del av valfaget «Design og redesign».

Den lokale, norsk-syriske kunstnaren Anas Salameh har òg hatt ei viktig rolle i arbeidet. Salameh kom til Noreg frå Syria i 2013 og har budd i Ski sidan 2015. I heimlandet er han ein veletablert kunstmålar. Han har òg medieutdanning og jobba i mange år med animasjon for syrisk barne-TV. No har han hatt utstillingar både i og utanfor Noreg.

Moi inviterte Salameh til samarbeid etter å ha lese eit intervju kor han snakka om fargane i Damaskus og det han har reist frå i Syria. Det gav henne ideen til å lage eit prosjekt basert på kva fargar som pregar byen Ski.

Ho inviterte også kunstnar og forfattar Geir Yttervik til å undervise elevane i Josef Albers’ fargelære. Etter at ungdomsskuleelevane hadde høyrt Salameh fortelje om korleis han såg fargane i Damaskus, var oppdraget å finne ut kva fargar som representerer Ski for dei – og blande primærfargar til dei fekk fram nyansane dei ville ha. Desse fargane vart brukt til å male flisene på veggen i undergangen under toglinjene ved Ski togstasjon.

Resultatet vart presentert torsdag 21. september 2017. Kunstprosjektet vart opna av Solveig Aalberg, leiaren av kunstkomiteen i KORO, og Kathrine Kjelland frå prosjekteigar Bane NOR. Veggmaleriet vil stå til våren 2018. Etter det skal delar av den gamle stasjonen rivast som del av byggeprosessen for den nye stasjonen.

Les  intervju med kunstnarane her og om oppstarten av prosjektet her.

Fakta

Fakta

Besøksadresse

Jernbaneveien 3
1400 Ski

Planlagt ferdigstilt

01.03.2020

Prosjektansvarlig

Janicke Iversen, KORO
Dag Wiersholm, KORO (til 2015)

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Solveig Aalberg, KORO, utvalgsleder
Line B Løkken, KORO

Kunstutvalgets øvrige medlemmer

Line Sefrid Jakobsen, mottakerrepresentant Bane NOR
Ellen Vægter Hjulmand, byggherrerepresentant Bane NOR
Anne Pia Møllenhus, arkitektrepresentant Link Landskap

Arkitektkontor

Multikonsult as

Byggherre

Bane NOR

Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjenglig for publikum

Program

Kunst til andre oppdrag

Milepæler

Milepæler

  • 2012
    Oppdrag mottatt fra Jernbaneverket

  • August 2012
    Kunstkonsulenter oppnevnt

  • Oktober 2015
    Kunstplan godkjent

  • November 2015
    Lukket konkurranse igangsatt

  • April 2016
    Juryering

  • 2017
    Temporært kunstprosjekt pågår

  • 2020
    Permanent kunstverk ferdigstilt

Del dette prosjektet