Fargane i Ski

Ebba Moi

 

Om

I Ski inviterte Ebba Moi elevar frå Ski ungdomsskule til eit utforskande og skapande samarbeid som ho hadde lagt rammene for.

Den lokale, norsk-syriske kunstnaren Anas Salameh har òg hatt ei viktig rolle i arbeidet. Salameh kom til Noreg frå Syria i 2013 og har budd i Ski sidan 2015. Moi inviterte Salameh til samarbeid etter å ha lese eit intervju kor han snakka om fargane i Damaskus og det han har reist frå i Syria. Det gav henne ideen til å lage eit prosjekt basert på kva fargar som pregar byen Ski.

Ho inviterte også kunstnar og forfattar Geir Yttervik til å undervise elevane i Josef Albers’ fargelære. Etter at ungdomsskuleelevane hadde høyrt Salameh fortelje om korleis han såg fargane i Damaskus, var oppdraget å finne ut kva fargar som representerer Ski for dei – og blande primærfargar til dei fekk fram nyansane dei ville ha. Desse fargane vart brukt til å male flisene på veggen i undergangen under toglinjene ved Ski togstasjon. Veggmaleriet var ein midlertidig installasjon som sto til våren 2018 då delar av den gamle stasjonen vart riven.

Detaljer

Datering

2017

Kunstner

Ebba Moi

Kategori

Uterom, Maleri, Temporært, Akrylmaling

Teknikk og materiale

Akrylmaling på fliser

Reference

KORO.007367