Statped midt yter spesialpedagogiske tenester til opplæringssektoren i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag og har lokale i Heimdal i Sør-Trøndelag. Senteret har fagavdelingar for høyrsel, syn, språk og tale, EHV («ervervet hjerneskade») og samansette lærevanskar. Det finst også ei eiga avdeling for utvikling av læringsressursar og teknologi. Målet er at barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov skal kunne ta aktivt del i utdanning, arbeid og samfunnsliv.
Kontorlokala til Statped midt er no rehabilitert for å auke talet på arbeidsplassar, og eit nytt tilbygg gir rom til meir kurs- og konferanseaktivitet. KOROs kunstprosjekt for tilbygget har resultert i innkjøp av det monumentale oljemåleriet Untitled (2015) av Thomas Falstad.
Måleriet viser hjørnet av eit rom, men går mot det abstrakte gjennom fargebruk og penselstrøk. Det brunlege mørket i rommet er kontrastert av eit stort, kvitt felt. Dette feltet kan oppfattast som ein kaskade av lys, men like gjerne av mental og åndeleg karakter som fysisk. Det brune har også innslag av gulare lys, smaragdgrønt og spisse felt i turkis. I ytterkanten kan ein skimte noko som liknar hav og blå himmel. Den kjølege paletten og møtet mellom strenge, geometriske former, rennande måling og grove penselstrøk skaper eit inntrykk av at rommet blir opna opp.
Thomas Falstad er fødd i Trondheim i 1977 og utdanna ved Strykejernet kunstskole i Oslo og Kingston University i London. Han er kjend for måleri og skulpturar som utforskar draumar og mentale tilstandar, ofte med referansar til mytologi og kunsthistorie. Han bur og arbeider dels i Lofoten, dels i Oslo.