Dronebilde av Hovudbygninga på Gløshaugen, NTNU i Trondheim. Foto: Thor Nielsen/NTNU
Aktuelt

Fellesskap for nye kunstprosjekt

Det store byggeprosjektet som skal samle fleire fagmiljø på NTNU i Trondheim på ein stad er no i gang. For KORO blir dette eit nytt og omfattande kunstprosjekt.

NTNU, Noregs Teknisk-naturvitskaplege universitet har hovudsete i Trondheim. I dag er fagmiljøa spreidde over ulike stader i byen. I mange år har det vore eit ønske om å samle dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga som no held til på Dragvoll, saman med dei tekniske og naturvitskaplege miljøa på Gløshaugen. Meir enn 8000 studentar og 1300 tilsette kjem til å ha sin kvardag på Gløshaugen når den nye campusen etter planen skal vere ferdig i 2030.

For KORO er dette eit av dei største og lengste oppdraga ved sidan av nytt regjeringskvartal. Kuratoroppdraget vart lyst ut i desember 2023, og då fristen gjekk ut i starten av januar hadde det kome inn 27 søknadar. Det er Thora Dolven Balke, Marit Kristine Lykken Flåtter og Alexander Eriksson Furunes som skal jobbe saman som ei kuratorgruppe. Prosjektansvarleg frå KORO er Trond Hugo Haugen.

Kuratorgruppa for NTNU campssamling: Alexander Eriksson Furunes, Thora Dolven Balke og Marit Lykken Flåtter. Foto: Susann Jamtøy

Thora Dolven Balke er utdanna biletkunstnar. Som kurator har ho ei allsidig praksis, mellom anna for det kunstnardrivne visingsrommet Rekord. Ho har vore med-kurator for LIAF – Lofoten International Art Festival i 2011, og ho har solid bakgrunn som kurator for fire prosjekt i KORO. Det siste var Agder Kunstakademi, for Agder fengsel.

Marit K. Lykken Flåtter er biletkunstnar, kurator, skribent og redaktør. Ho er tilknytt tidsskriftet ArtScene Trondheim, som ho også var med på å etablere. Ho har gjort fleire kuratoroppdrag for Trondheim kommune og vore fagredaktør for utgivinga Trondheim kommunes kunstordning som kom i 2023. Flåtter er frå før engasjert som kurator for KORO i to pågåande kunstprosjekt i Trondheim, NTNU Helgasetr, som er klar hausten 2024, og Norsk Havteknologisenter NTNU og Sintef. Ho kan dermed sjå campussamlinga i ein større heilskap. Dialogen med kunstmiljøet, universitetet og kommunen er allereie etablert.

Alexander Eriksson Furunes er utdanna arkitekt frå NTNU, har doktorgrad i kunstnarisk utviklingsarbeid frå same stad, og arbeidar stadspesifikt med midlertidige og permanente kunstprosjekt. Eriksson Furunes har nyleg avslutta eit langvarig samarbeid knytt til Agder Kunstakademi i Agder fengsel, der han mellom anna laga Horigatsu flytende møbel, ein ny arkitektur for kunstakademiets klasserom i Froland. Møbelet vart teikna og laga i samarbeid med studentane og treverkstaden i fengselet.

Samla har dei tre med sine ulike bakgrunnar og kompetanse brei erfaring med planlegging og gjennomføring av store og komplekse kunstprosjekt i offentlege rom og innanfor ulike institusjonar. I tillegg har gruppa ein sterk lokal tilknyting til Trondheim. Ein av oppgåvene er å utvikle eit kunstprogram. Vidare er utarbeidinga av ein kunststrategi og etter kvart skrive kunstplanar ein viktig del av det kuratoriske oppdraget.

Men kva tenker kuratorane sjølv om arbeidet dei no så vidt er i gang med og som skal strekke seg over fleire år?

– Det er godt å vere i gang med ein første fase der me berre skal lytte og lære. Kunsten på NTNU står i samspel med heile institusjonen. Det kjennest viktig å bruke denne oppstartsfasen til å samle kunnskap, seier Thora Dolven Balke. – Å vere student er å tenke på framtida, og NTNU Campussamlinga er eit langsiktig prosjekt, som ikkje berre skal virke fram mot opninga i 2030. Det er perspektiv som går ut over vår eige levetid.

Marit Lykken Flåtter seier at arbeidet med kunst til NTNU Campussamlinga er inspirerande av fleire grunnar. Det mest opplagte er det kunstnariske: – Det å bidra til avgjerdene om ny kunst til dette staden saman med Thora og Alexander, det ser eg på som eit viktig arbeid og ein unik moglegheit. – Den andre årsaka er meir personleg. Eg budde mellom anna i «Kråkeslottet», sveitsarvillaen på Grensen like ved hovudbygningen, då eg var student på byrjinga av 2000-talet. Eg har fine minner frå denne tida.

Alexander Eriksson Furunes kjem inn i prosjektet med ei interesse for og erfaring med relasjonelle prosessar som har handla om å skape moglegheitsrom, møter og samarbeid. – Eg har vore knytt til NTNU gjennom heile utdanninga og har no ei postdoktorstilling i kunstnarisk utviklingsarbeid hos Institutt for arkitektur og planlegging på NTNU, som er ei satsing ved universitetet. Kunnskap blir skapt gjennom praksis og formidla gjennom det mediet som kunstnaren jobbar med. Denne kompetansen ser eg fram til å ta med meg inn i prosjektet og eg gler meg til å jobbe vidare.

Rom for fellesskap

For kuratorane har omgrepet fellesskap vore viktig i oppstartsfasen. Det er eitt av dei nye satsingsområda ved NTNU og eit omgrep som er svært aktuelt i den tida vi er i no. Kva er kunstens rolle i ein stor institusjon som NTNU, og kva er dei romma og relasjonane som på godt og vondt skaper ulike former for fellesskap, spør kuratorteamet.

Prosjektansvarleg frå KORO er Trond Hugo Haugen, seniorrådgjevar i kunstseksjonen. Han kjem til å ha eit overordna ansvar for framdrifta og skal på ulike måtar legge til rette arbeidet for kuratorane, i tillegg til å vere ein rådgjevar og samtalepartnar. Haugen er utdanna biletkunstnar. Han har sjølv lang erfaring som kunstkonsulent og kurator i KORO-prosjekt, mellom anna NMBU Campus Ås der kunsten famnar om heile universitetsområdet, og det temporære kunstprogrammet Vågestykke for Høgskulen på Vestlandet, som involverte både skulen, nabolaget og byen.

Kuratorgruppa saman med prosjektansvarleg frå KORO, Trond Hugo Haugen. Foto: Susann Jamtøy

-Det er særleg erfaringa med desse to prosjekta som eg tek med meg vidare i arbeidet med NTNU, seier Haugen. – Både Campus Ås og Vågestykke kan samanliknast med NTNU Campussamling, fordi heile Gløshaugen kan vere område for kunst. Forventninga om tverrfaglegheit og samspel mellom universitetet og byen elles er noko vi kjem til å ta på alvor. Offentleg kunst skal ikkje lenger berre vere integrerte i bygga eller konkrete kunstverk som ein betraktar på avstand. Det kan også vere midlertidige uttrykk, og være relasjonell og mellommenneskeleg, seier Haugen.

NTNU Campussamling skal vere ferdig i 2030. Prosjektsida vil bli oppdatert med relevant informasjon etter kvart som prosjekta blir realiserte.