Detalj av det 24 meter lange tekstilarbeidet Historjá av Britta-Marakatt Labba. Foto: Nasjonalmuseet

Historjá vender nordover

Eit av dei mest kjende kunstverka frå KORO si samling, er det 24 meter lange tekstilarbeidet Historjá, av Britta Marakatt-Labba. Verket heng til vanleg hos UiT i Tromsø.  Etter å ha vore på utlån i nærare to år, skal verket snart få komma tilbake til Tromsø igjen. Men fyrst skal også befolkninga i Bodø få oppleva kunstverket på nært hald.
 

Historja (2007) vart laga på oppdrag til UiT Noregs arktiske universitet og hatt den faste veggplassen sin i Tromsø saman med stadig nye generasjonar av studentar og tilsette. Verket vart lånt ut til Nasjonalmuseet si store retrospektive utstilling med Marakatt-Labba, Bastilis sákkaldagat / Sylkvasse sting i 2024, saman med fire andre tekstilarbeid frå KORO si samling på UiT. Ferda gjekk vidare til Sverige og Konstmuseet Norr i Kiruna, og Moderna Museet i Stockholm.  Før desse utstillingane blei verket og vist på Ddocumenta 14 i Kassel i 2017, ein av dei største internasjonale arenaene for samtidskunst. Utstillinga hadde eit stort fokus på kunst frå Sápmi og markerte Marakatt-Labba sitt store internasjonale gjennombrot.

No skal Historjá visast på Nordnorsk Kunstmuseum i Bodø for fyrste gong, og det blir markert med opning torsdag 30. april. Les meir om det og formidlingsprogrammet på NNKM si nettside.

– Me er så klart stolte og glade over at Historjá rører ved så mange menneske, seier KORO-direktør Karianne Kampevold Sætre om den store interessa for dette kunstverket. – Det viser at kunstopplevingar kan bety noko særskilt for folk. Generelt opplever vi stor interesse for arbeida av samiske kunstnarar. 

– Vi forsøker å leggje til rette for at så mange som mogleg skal få høve til å få sjå Historjá, og set stor pris på samarbeidet med Nordnorsk kunstmuseum om visninga i Bodø. Samstundes er det jo slik at verket blei laga for UiT, som naturleg nok saknar originalen, og både universitetet og vi i KORO gler oss over at verket er på veg nordover igjen, seier Kampevold Sætre.

Kunstverket blei montert på plass i 2008 i Solhallen på UiT. Foto: Laryssa Acharya / UiT.

Historjá er eit 24 meter langt broderi, som blei laga på oppdrag for UiT, og er eit av mange tekstilarbeid Britta Marakatt-Labba har utført for KORO. Det første innkjøpte verket KORO (den gongen Utsmykningsfondet) gjorde av ho var Kråkene/Garjját, som til vanleg også heng på UiT i Tromsø. Det nyaste kunstprosjektet Marakatt-Labba har gjort for KORO er tekstilverket Min Duoddarat / Mijjen doedterh / Våre vidder til Samisk Nasjonalteater Beaivváš og Samisk vidaregåande skule i Kautokeino.

Historjá skulle lånast til Nasjonalmuseet, måtte det gjennom tekstilkonservering. Sjå filmen om arbeidet her, og i nordsamisk versjon her.

I KORO sin podkastserie VerkSted var Britta Marakatt-Labba gjest sommaren 2024. Høyr henne i samtale med programleiar Kåre-Magnus Bergh mellom anna om arbeidet med Historjá, om betydninga av verket, om oppveksten sin i Sápmi i grenseområda mellom Noreg og Sverige, og om korleis ho fann broderi og tekstilkunst som sitt uttrykk: https://player.rss.com/verksted/1635552?theme=default&v=2

Britta Marakatt-Labba (f. 1951) bur og jobbar i  Badje-Sohppar/Övre Soppero på svensk side av Sápmi. har gjennom over 40 år jobba med tekstil, broderi, akvarell, grafikk og skulptur. Sidan 1970-talet har ho vore ei tydeleg kunstnarisk stemme og ein viktig formidlar av samisk kultur og historie gjennom kunst og aktivisme. Mellom anna var ho med på å starta Mázejoavku/Masi-gruppa i 1978, og med på etableringa av Sámi Dáiddačehpiid Searvi/Samisk kunstnarforbund i 1979.

Motiva i kunsten hennar skildrar ofte kvardagsliv sett frå eit samisk perspektiv, kombinert med forteljingar og hendingar frå samisk kultur, mytologi og historie.

Les flere aktueltsaker fra KORO

Var dette nyttig?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.

Lukk