re-(t)exHile er et internasjonalt kunstprosjekt som tar for seg den globale krisen rundt tekstilavfall fra moteindustrien. Installasjonen vises på Deichman Bjørvika vinteren 2026.
re-(t)exHile er eit internasjonalt kunstprosjekt som tek for seg den globale krisa rundt tekstilavfall frå moteindustrien. Kunstprosjektet ble støtta av KORO si LOK-ordning i 2025. Foto: Monika H. Kováčová.
,

Har du spørsmål om KORO si ordning for prosjektstøtte og produksjonsbistand?

Bli med på vårt digitale informasjonsmøte om Lokalsamfunnsordninga (LOK) torsdag 15. januar 2026, kl. 10.00.

KORO si Lokalsamfunnsordning (LOK) er ei søkbar tilskotsordning som skal stimulera til utvikling, produksjon og formidling av kunst i offentlege rom over heile landet. Gjennom LOK ønskjer KORO å styrke samarbeidet med kunst- og kunstnarmiljø i regionar, kommunar og fylkeskommunar.

Møtet blir opna av André Gali, kurator formidling i KORO, og startar med ein presentasjon av LOK-ordninga ved Bo Krister Wallström og Truls Ramberg. Det blir mogleg å stilla spørsmål undervegs i chatten, men du kan òg senda inn spørsmål på førehand – sjå kontaktinfo under.

Kontakt oss

Praktisk informasjon

  • Digitalt informasjonsmøte om LOK er 15. januar 2026, kl. 10.00. 
  • Søknadsfristen for LOK er 30. januar 2026, kl. 13.00.  
  • Finn meir informasjon om LOK og søknadsskjema her

Les flere aktueltsaker fra KORO

Var dette nyttig?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.

Lukk