Tune barnehjem

Då tekstilkunstnaren Gabriella Göransson (NO) fekk i oppdrag å lage kunst til Tune barnehjem, ønskte ho å lage noko som kunne verke stimulerande og oppmuntrande for barn i ein vanskeleg livssituasjon.

Blokker, Gabriella Göransson. Fotograf: Gro Skåltveit

Om prosjektet

Tune barnehjem i Sarpsborg har eksistert som institusjon sidan 1969, men under ulike namn og organisasjonsmodellar. Då staten overtok ansvaret for dei fylkeskommunale tenestene innanfor familie- og barnevern i 2004, vart det vedteke at barneheimen skulle få større lokale. Våren 2006 stod nybygget ferdig. Bordkledning av ubehandla sibirsk lerk, store vindauge og fargerik innreiing gir det moderne og funksjonelle huset ein varm og vennleg karakter. Institusjonen har plass til seks barn i alderen 0–12 år.

Ei viktig oppgåve for barneheimen er å gi omsorg i akutte situasjonar, kartlegge kva tilstand og situasjon barna er i, og gjere heimflytting eller flytting til nye omsorgsgivarar så lite belastande som mogeleg.

Gabriella Göransson er tekstilkunstnar og jobbar mykje med papirmasse eller tekstilfiber som ho formar til skulpturar. Til barneheimen laga ho to verk som kvart består av 15 delar. Ho kverna tekstilfiber av bomull og lin, tilsette farge og bindemiddel og forma skulpturane før massen stivna.

Skulpturane Ribber er runde, ofte avlange, hole og gjennomhola former. Fordi dei består av like mykje tomrom som materiale, gir dei assosiasjonar til reisverka av bein og brusk i kroppen vår.

Blokker er einsfarga, firkanta relieff med ulike strukturar og mønster. Skulpturane har sterke fargar som tar opp nokre av fargane i interiøret. Fargane og dei abstrakte formene signaliserer varme, leik og humor. Stoffet dei er laga av og det at dei er festa direkte til veggane utan rammer, gir også eit mjukt inntrykk som minner om natur og det som veks.

Detaljer

Adresse

Ugleveien 1, 1712 Grålum

Fylke

Kunstner

Gabriella Göransson

Ferdigstilt dato

08.01.2007

Prosjektansvarlig

Ida Andersson

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Gro Skåltveit

Arkitektkontor

NAV AS Arkitekter

Mottakerinstans

Bufetat region Øst

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for besøkende

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk