
Bli med på feiringa av kunsten i det nye regjeringskvartalet!
Laurdag 6. juni inviterer vi til ei offentleg markering av kunsten i det nye regjeringskvartalet i Oslo. På programmet står musikk, kunst, performance og teater. Arrangementet er gratis og ope for alle.
KORO har arbeidd med kunstprosjekta i det nye regjeringskvartalet i seks år. I løpet av vinteren og våren har nærare 300 kunstverk av bortimot 150 kunstnarar blitt montert. Det må feirast! KORO inviterar difor til ei offentleg utendørs markering av kunstprosjekta i regjeringskvartalet, laurdag 6. juni mellom klokka 13 og 17.
Den samiske artisten Mari Boine er invitert spesielt av KORO til å synge til ære for kunstprosjekta. I anledning markeringa har KORO óg fått den unike sjansen til å invitere publikum til å oppleve den majestetiske AAhkA frå innsida. Bygget er til vanleg ikkje ope for offentlegheita, og på grunn av sikkerheit er det kun avgrensa antall plassar, påmelding krevast. Sjå lenke nedanfor. Påmeldingfrist er 31. mai.
Ein vil óg kunne møte nokre av kunstnarane som har utført dei store kunstverka utandørs. Lurar du på noko om flyttinga av kunstverk som Grass Roots Square og Fiskerne, korleis dei blei laga, eller om andre kunstverk i regjeringskvartalet? Då kan du komme og snakke med kunstnarar, kuratorane, konservatorane og formidlarane frå KORO.
Eit utsnitt av performancen Sun Eaters av Jassem Hindi er utarbeida for denne dagen. Sun Eaters kan beskrivast som ein dekonstruert versjon av folkedans, for å avdekke den politiske og helbredende funksjonen som folkedansen har i samfunnet.
Som avslutning av markeringa blir det premiere på kunstnar og regissør Pernille Mercury Lindstad sitt nye teaterstykke Tyngden av en demonstrasjon, med musikk av Marcus Paus. Verket er skrive spesielt for KORO, og er ein del av kunstprosjektet til regjeringskvartalet. Framsyninga varar i 60 minutt. Les meir om framsyninga i saka her.
Program laurdag 6. juni:
Oppmøte på Johan Nygaardsvolds plass i regjeringskvartalet
- 13.00: Artist Mari Boine syng foran A-blokka
- 13.10: Velkomst ved Karianne Kampevold Sætre, direktør i KORO. Presentasjon av kunsten av kuratorane Drew Snyder og Helga-Marie Nordby, og kunstnar Jumana Manna.
- 13.45-14.00: Performance Sun Eaters ved kunstverket Grass Root Square foran D-blokka
- 14.00-15.45: Bli kjend med kunstverka utandørs. Bli med inn i A-blokka for å oppleve kunstverket AAhkA i Pyramiderommet (Obs: begrensa plass, påmelding krevast)
- 16.00-17:00: Premiere på Tyngden av en demonstrasjon, utandørs på Johan Nygaardsvolds plass foran A- og Høyblokka
Arrangementet er gratis og ope for alle!




Viktig informasjon om påmelding til AAhkA i Pyramiderommet:
Skjema for påmelding. Frist er 31. mai.
Kapasiteten til AAhkA er avgrensa. Det kan bli litt venting når du skal inn. Når du er inne er det viktig at du følgjer instruksane frå sikkerheitsvaktene. For at flest mogleg skal få komme inn, oppmodar vi alle om å vere 15 minutt i Pyramiderommet.
Kvar påmeldt gjest vil etter bekrefta påmelding motta ei personleg QR-kode på e-post som du må visa fram i inngangen til resepsjonen i A-blokka saman med fysisk legitimasjon med bilete. Du kan ikkje gje invitasjonen vidare til nokon annan.
Du slepp ikkje inn i bygget utan godkjend legitimasjon og QR-kode. Gyldig legitimasjon er norsk eller utanlandsk pass, norsk nasjonalt ID-kort, norsk førarkort (ikkje elektronisk), europeisk identitetskort (Identity card).
Det er ikkje mogleg å ta med barnevogn og elsykkelbatteri inn. Desse må plasserast utanfor.
Vi gjer oppmerksam på at alle vesker og ryggsekker vil bli gjennomlyst før du kjem inn i Pyramiderommet.
Les flere aktueltsaker fra KORO
Var dette nyttig?
Takk for din tilbakemelding!
Takk for din tilbakemelding!
Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.


