UiB Universitetet i Bergen, Realfagbygget

Monumentale kunstverk av kunstnarane Else Marie Jakobsen og John Audun Hauge set stemninga i inngangspartiet til Realfagbygget.

Utvikling (1), John Audun Hauge. Fotograf: Thor Brødreskift

Om prosjektet

Else Marie Jakobsens (NO) biletvev i tre delar, Den røde tråd, felt 1, 2 og 3 (1981–82), dekkjer til saman 90 kvadratmeter på tre veggflater i foajeen. Vevane er sett saman av mønsterfragment inspirert av biletvevar frå vikingtida, mellomalderen og framover. Verket er halde i varme raudnyansar. Slik viser Jakobsen både konkret og i overført tyding ein «raud tråd» av kvinners usynlege arbeid og kulturinnsats gjennom historia.

Else Marie Jakobsen (1927–2012) var sentral då norsk tekstilkunst vaks fram som ein sjølvstendig kunstkategori på linje med måleri og skulptur på 1950-talet og framover. Ho er kjend for både politisk tekstilkunst og dekorative, symbolmetta tekstilarbeid i ei rekkje kyrkjer.

Eit anna verk som pregar opplevinga av Realfagbygget, er John Audun Hauges (NO) skulptur i tre delar: Utvikling I–III (1982–83). Alle skulpturane er former av tre og stein som gir assosiasjonar til båtar frå tidlegare tider. Første del står utanfor bygget, medan dei to andre er plassert inne, ein på golvet og ein hengjande frå taket. Til saman følgjer verka i skulpturgruppa den mest brukte gangruta i bygget.

John Audun Hauge (f. 1955) har gjennom eit stort spenn av materiale og teknikkar utforska forholdet mellom mennesket og teknologien, som i båtar og flyfarkostar. Det maritime er eit gjennomgangstema. På oppdrag frå KORO laga han skulpturen Interferens til minnestaden på Bygdøy etter tsunamien i Indiahavet i 2004.

Kunstsamlinga i Realfagbygget omfattar også veggteppet Trekantet (1985–86) av Anne Marie Komissar (f. 1937, NO). Ho nyttar eit abstrakt formspråk bygd på kontrastar mellom ulike teksturar, mellom flate og rom, lys og mørke. Komissar er spesielt kjend for å ha gitt nytt liv til den gamle og tradisjonsrike dobbeltvevteknikken.

Detaljer

Adresse

Allégaten 41, 5020 Bergen

Fylke

Vestland

Kunstnere

Else Marie Jakobsen
John Audun Hauge
Anne Marie Komissar
Gerhard Stoltz

Ferdigstilt dato

01.01.1986

Prosjektansvarlig

Egil Sinding-Larsen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Boge Berg
Morten Krohg

Arkitekt

Harald Ramm Østgaard

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk