UiA Universitetet i Agder, campus Kristiansand, Sigurd Køhns hus – K bygg

Kjølege striper av blankt stål dreg deg innover i rommet i det nye musikkfagbygget ved Universitetet i Agder.

Samtidig, i et parallelt univers (2), Leiken Vik. Fotograf: Trond Isaksen

Om prosjektet

I 2010 fekk Universitetet i Agder eit nytt musikkfagbygg med plass til kontor, øvingsrom, samspelsalar og musikkstudio. Eit mål for den nye bygningen var å føre dei ulike kunstfaga ved universitetet fysisk nærare kvarandre, og slik leggje til rette for meir tverrfagleg samarbeid.

Kunstnaren Leiken Vik (NO) vann den lukka konkurransen om å lage hovudverket til den nye bygningen. Verket Samtidig, et annet sted er sett saman av to delar: ein installasjon og eit måleri. Det fyrste arbeidet heng til høgre for hovudinngangen. Blanke striper av stål er montert i ulike høgder og lengder over heile betongveggen og skapa reit interessant spel mellom det blanke ståket og den matte, børste betongen, mellom det rue og det fine. Stålstripene reflekterer veggen midt imot, og fungerer også som ein slags spegel der vi ser oss sjølve og verda stykkevis og delt.

Lenger inn i korridoren heng den andre delen av verket til Vik. Det sju meter lange og om lag to meter høge måleriet dekker ein heil vegg og er måla på pleksiglass. Motivet kan likne eksplosjonar av lys i eit diffust landskap, men kan også minne om eit univers, eller byrjinga på eit parallelt univers. Saman speglar dei to delane ytterpunkta i den kunstnariske skaparprosessen, med det kjølege stålet på den eine sida, og det intuitive, emosjonelle og eksplosive på den andre.

Eit mindre sideprosjekt av kunstnaren Marianne Lund (NO) har også fått plass i bygget. I kvar sin etasje i trapperommet heng det fire måleri på sirkelforma plater av aluminium, som saman utgjer verket Remember me. Eit trapperom er ikkje eit rom ein blir verande i, ein passerar dei ulike etasjane i ei spiralrørsle oppover eller nedover. Dei sirleg utførde arbeida i ulike størrelsar og nyansar av blått understrekar denne rørsla, og bidrar til å gje etasjane ulik identitet.

Detaljer

Adresse

Gimlemoen, 4630 Kristiansand S

Fylke

Agder

Kunstnere

Leiken Vik
Marianne Lund

Ferdigstilt dato

11.03.2011

Prosjektansvarlig

Dag Wiersholm
Ruth Hege Halstensen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Eirik André Bergan

Arkitektkontor

SMS arkitekter AS

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk