UiT Norges arktiske universitet, Tromsø, Medisin- og helsefagbygget, Auditorium

I auditoriet til Medisin- og helsefagbygget på UiT heng Luftspeiling av Arne Ekeland. Måleriet er ein del av ein serie Ekeland måla mot slutten av karriera, der temaet er økologisk krise, atomkrig og samanbrot.

UiT Norges Arktiske Universitet, Campus Tromsø, Medisin- og Helsefagbygget, Troms. Fotograf: KORO/Cathrine Wang

Om prosjektet

Den norske kunstnaren Arne Ekeland (1908–1994) var blitt heile 76 år då han måla den dramatiske visjonen Luftspeiling, som heng på ein sidevegg i auditoriet til Medisin- og helsefagbygget ved UiT.

Ekeland var ein av dei fremste målarane i Noreg på 1900-talet. Måleria hans er ofte store komposisjonar med eit mangfald av fragmenterte figurar og symbol. Mykje av kunsten hans byggjer på surrealisme og kubisme; fargebruken er ekspressiv, perspektivet er usamanhengande. Desse verkemidla er med på å understreke den revolusjonære, konfliktfylde bodskapen – Ekeland er kjend som ein skarpt politisk målar: Samanbrot og revolusjon, arbeidarkamp og kommunistiske utopiar, kald krig og framandgjering er tema som går att i motivkrinsen hans.

Dei nakne, bleike og sårbare menneska i Luftspeiling er måla i ein skingrande, angstfylt koloritt av lilla, rosa og oransje. Måleriet ber ikkje bod om nokon framtidsoptimistisk kunstnar på slutten av livet. Øydelegging av naturen og forureining var viktige tema i samfunnsdebatten på 1980-talet, og dei opptok også Ekeland. Luftspeiling er ein del av ein serie han laga i åra frå 1978, og her finn vi menneske i ruinane av ei øydelagd verd, mellom maskindelar og utbomba byar.

For dei kommande legane og helsefagarbeidarane som studerer ved Universitetet i Tromsø, er det heftige, ekspressive måleriet til Ekeland ei påminning om kor sårbare vi menneske er, og om behovet vårt for å kunne falde oss ut i sunne, levande omgjevnader.

Les om andre kunstprosjekt i Medisin- og helsefagbygget her og her.

Detaljer

Adresse

Hansine Hansens veg, Tromsø

Fylke

Finnmark og Troms

Kunstnere

Arne Ekeland
Olav Christopher Jenssen

Ferdigstilt dato

01.01.1985

Prosjektansvarlig

Egil Sinding-Larsen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Per Kleiva , Tromsøgruppen
Hilde Hauan Johnsen , Tromsøgruppen
Oddvar Løkse , Tromsøgruppen
Geir Stormoen , Tromsøgruppen

Arkitektkontor

Borealis Arkitekter as
J.Kristoffersen Arkitektkontor

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk