UiT Norges Arktiske Universitet, Campus Tromsø, Medisin- og helsefagbygget MH1

Søren Ubisch tilfører omgrepet integrert kunst ein ny dimensjon med sitt enorme keramikkverk i Medisin- og helsefagbygget ved UiT.

 

Om prosjektet

Medisin- og helsefagbygget stod ferdig i 1991. Det ligg nord på Campus Tromsø og er kopla til regionsjukehuset som blei bygd på same tid. Begge bygningane er kledd i teglstein, av same slaget vi finn på fleire av dei andre bygningane på campus.

I overgangssona mellom fakultetet og sjukehuset finn vi det første kunstverket: Her er fasaden broten opp med mønster av den norske kunstnaren Dag Skedsmo (f. 1951). Skedsmo har ei rekke offentlege kunstprosjekt bak seg og er oppteken av optiske fenomen og geometriske former. Mønsteret han har laga til MH-bygget, set dei to fargenyansane i teglsteinane i kontakt med kvarandre; den raude teglsteinen på fakultetet går over i den gule teglsteinen på sjukehuset.

Inne er bygningen delt av ein stor glasgang under skråtak, og i denne finn vi det største integrerte kunstprosjektet ved Universitetet i Tromsø: eit gedigent keramisk verk på golvet og veggane, utførd av keramikaren Søren Ubisch (f. 1952). Ubisch står bak nokre av dei største offentlege oppdraga for integrert kunst i Noreg. Han har utforma fasaden til Trøndelag Teater (1996), utegolvet i det indre gardsrommet på Domus Academica ved Universitetet i Oslo, og saman med Guttorm Guttormsgaard laga han den keramiske fasaden på Oslo Spektrum.

Det enorme golvkunstverket i MH-bygget strekker seg frå hovudinngangen i sør, der svarte matte og polerte fliser er sett saman i formasjonar med enkelte rosa, kvite og blå innslag, og vidare inn i sjølve glasgangen. Her er den store golvflata delt i åtte rektangulære felt som kan likne vovne teppe med geometriske mønster. Eit par av flatene minner om optisk kunst. Vi blir ståande og fundere på korleis auga lèt seg bedra. I auditoriefløya er også veggane tilverka med fliser i geometriske mønster, kontrastert med mjuke, vovne samiske teppe på ein annan vegg. To leirformer som gjentek mønsteret i golvet, «veks opp» av dekket. Dei skapar ein skiljevegg i rommet, og liknar oppstilte bøker som kviler på permane.

Jenny-Marie Johnsen (f. 1960) sitt kunstverk er eit utsnitt frå ei søyle i farao Sesostris Is sitt 4000 år gamle tempel i Egypt. Utsnittet er fotografert og forstørra av Johnsen, og motivet er ikkje tilfeldig valt til eit bygg for medisin og helsefag; det viser faraoen som mottar livsteiknet som gåve. Dette teiknet for kvinneleg fruktbarheit var særleg viktig i egyptisk religion. Johnsen har også utforma ei bok til kunstverket. Den kviler på ein koloss i kleberstein framfor biletet, lik bordet i tempelet, og inneheld meir informasjon om tempelet og historia til Sesostris I.

Her kan du lese om kunstprosjektene i forbindelse med utvidelsen av Medisin- og helsefag.

Detaljer

Adresse

Hansine Hansens veg, Tromsø

Kunstnere

Søren Ubisch
Jennifer Lloyd
Dag Skedsmo
Ellen Lenvik
Jenny-Marie Johnsen
Harald Oredam
Olav Christopher Jenssen

Ferdigstilt dato

01.01.1997

Prosjektansvarlig

Egil Sinding-Larsen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Per Kleiva
Hilde Hauan Johnsen
Oddvar Løkse
Geir Stormoen

Arkitektkontor

Borealis Arkitekter as
J.Kristoffersen Arkitektkontor

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk