UiB Universitetet i Bergen, Sofie Lindstrøms hus

På veggane i Sofie Lindstrøms hus heng akvarellar, grafiske arbeid og tekstilkunst frå 70- og 80-talet.

oversikt, Gerhard Stoltz. Fotograf: Thor Brødreskift

Om prosjektet

Sofie Lindstrøms hus (tidlegare Stein Rokkans hus) har vore ein del av SV-fakultetet ved Universitetet i Bergen sidan 1976. Det husar i hovudsak studentarbeidsplassar – lesesal, PC-rom og seminarrom. Bygget stod ferdig i 1890 som lokale for Sofie Lindstrøms pikeskole. Da privatskulen vart lagt ned i 1928, flytta Bergen maskinistskole inn.

Bergenskunstnaren Gerhard Stoltz står bak hovuddelen av kunsten i bygget: fire akvarellar og fem silketrykk produsert mellom 1976 og 1984. Motiva rører seg frå abstrakte, grafiske mønster som i Alle problema i samfunnet (1981), til eit stilisert, naivistisk uttrykk i til dømes Generalstabsmøte (1978) og Speiderleir dobbel (1976). Dei fleste verka er haldne i lyse pastellar.

Gerhard Stoltz (f. 1948) jobbar mest med måleri, teikning og grafikk. Han har også utgitt fleire bøker. Interessa for det banale, for klisjear og massekultur har vore gjennomgåande, spesielt i den tidlege produksjonen. Av ei rekkje oppdrag for det offentlege kan ein nemne Tårnplass i Bergen sentrum, Bergen lufthavn, Flesland og Haukeland universitetssjukehus.

Til Sofie Lindstrøms hus er det også kjøpt inn fire grafiske trykk av Trond Knutli og tre av Svein Rønning. Tekstilverket Die Reise av Eli Minck er eit veggteppe på 2 x 1, 7 meter med applikasjon og broderi i brun- og blåtonar.

Detaljer

Adresse

Rosenbergsgaten 35, 5015 Bergen

Fylke

Vestland

Kunstnere

Svein Rønning
Trond Knutli
Gerhard Stoltz
Eli Minck
Eli Minck

Ferdigstilt dato

31.12.1984

Prosjektansvarlig

Egil Sinding-Larsen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Kari Aasen

Arkitektkontor

Arkitektkontoret Vaardal-Lunde AS

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk