UiB Universitetet i Bergen, Realfagsbiblioteket

Tre Bergens-kunstnarar har gjort det til ei kunstoppleving å gå i trappene og gjennom hovudinngangen i realfagsbygget i Johannes Bruns gate 12.

To buer, Tone Saastad. Fotograf: Thor Brødreskift

Om prosjektet

Bygget kor Matematisk institutt og Bibliotek for realfag held til, var tidlegare eit kombinert verkstad- og parkeringshus. I samband med ei totalrenovering av bygget gjennomførte Gerhard Stoltz (NO) og Tone Saastad (NO) kunstprosjekt i lokala. I tillegg vart det kjøpt inn to grafiske arbeid av Trond Knutli (NO).

Gerhard Stoltz’ verk (utan tittel, 1994) er sett opp som ei frise på veggen i hovudtrapperommet. Arbeidet er ein måleriinstallasjon med trekanta og rombeforma element sett saman til ulike trekantmønster over to veggar. Heilskapen gir inntrykk av ei stigande rørsle oppover i trapperommet, og etter kvart som ein går opp trappa og ser verket frå fleire vinklar, endrar inntrykket seg. På inngangsplanet er den dominerande fargen grøn, så vekslar fargesamansetninga oppover i etasjane, før det endar i himmelblått i femte etasje.

Gerhard Stoltz (f. 1948) jobbar mest med måleri, teikning og grafikk. Han har også utgitt fleire bøker. Interessa for det banale, for klisjear og massekultur har vore gjennomgåande, spesielt i den tidlege produksjonen. Av ei rekkje oppdrag for det offentlege kan ein nemne Tårnplass i Bergen sentrum, Bergen lufthavn, Flesland, og Haukeland universitetssjukehus.

Tone Saastads verk To buer (1994) er plassert i trapperommet i biblioteket. Det består av to bogemotiv som spring ut frå nedre kant av veggane, ved det spisse hjørnet i trapperommet. Slik framhevar verket den spesielle og spisse forma på rommet. Bogane er utført i lim/pigment-teknikk på bomullslerret. Saastad (f. 1955) jobbar ofte med ulike trykkteknikkar på tekstil og farge/lys-installasjonar.

Dei to innkjøpte grafiske verka av Trond Knutli (f. 1955) har titlane Hommage à Thor Sjøfarer (1993) og Stjernefangeren (1992). Dei heng i galleriet som ligg som ein hems over hovudinngangen.

Detaljer

Adresse

Johannes Bruns gate 12, 5008 Bergen

Fylke

Vestland

Kunstnere

Gerhard Stoltz
Trond Knutli
Tone Saastad

Ferdigstilt dato

31.12.1994

Prosjektansvarlig

Egil Sinding-Larsen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Sissel Blystad

Arkitektkontor

Norman Arkitektkontor AB

Byggherre

UiB Universitetet i Bergen

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk