Tsunami-katastrofen, minnested

Minnestaden på Bygdøy er ikkje berre for dei som vart direkte ramma av tsunamien i 2004. Den er for alle som har opplevd sorg og død. Jordskjelvet og tsunamien som ramma Søraust-Asia i 2004, førte til 280 000 tapte menneskeliv og omfattande øydeleggingar. 84 norske statsborgarar omkom, og mange mista familiemedlemmar og vener.

Interferens, John Audun Hauge. Fotograf: Jørn Bøhmer Olsen

Om prosjektet

Arbeidet med å etablere ein minnestad etter ofra starta i 2005. Etter ein innleiande internasjonal konkurranse og ein lukka konkurranse for seks kunstnarar valte ein til slutt forslaget frå bildehoggar John Audun Hauge, skulpturen Interferent. Minnestaden vart innvia på Bygdøy i Oslo i 2007.

I juryen si grunngjeving heiter det at skulpturen har noko stillferdig og fordringslaust over seg som antydar meir enn slår fast. Det jødiske visdomsordet Jo djupare sorga er, dess lågare stemme har den skildrar tankane bak arbeidet. Skulpturen ligg på eit svaberg som strekkjer seg ut i sjøen, og på avstand kan den skimtast som ei opphøgd flate ved vasskanten, der berget møter vatn. Ser ein nærare etter, kan den gje assosiasjonar til bølgjer, forkastingar og drift, endringar som gjer seg gjeldande i naturen så vel som i livet.

Skulpturen er laga etter ein modell med konsentriske bølgjer ut frå eit senter, basert på det som skjedde på havbotnen i forkant av tsunamien. Den er bygd opp av fem delar i larvikitt som ligg på eit fundament av iddefjordgranitt. Ved å dele opp modellen og forskyve delane oppstod ei uendeleg bølgje utan sentrum – eit ornament kor ein ikkje kan sjå om bølgja går innover eller utover – og eit symbol på det evige. Skulpturen er utsett for vêr og vind; om vinteren slår harde stormar inn over steinen, og på rolege sommardagar speglar krystallen i steinen lyset omkring. To benkar i stein og tre står vendt mot skulpturen og inviterer til ro og ettertanke.

Ei bok vart laga i samband med innviinga av minnestaden. Den inneheld tekstar om prosessen og kunstverket, ei novelle av Frøydis Alvær og ein serie fotografi av minnestaden teke av Jørn Bøhmer Olsen. Bilda viser kor mykje årstidene og skiftingane i vêr- og lysforhold påverkar opplevinga av verket.

Detaljer

Adresse

Paradisbukta, Oslo

Fylke

Oslo

Kunstner

John Audun Hauge

Ferdigstilt dato

01.01.2007

Prosjektansvarlig

Mette Kvandal
Steen Ory Bendtzen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Laila Haugan
Katrine Giæver
Svein Christiansen

Oppdragsgiver

Kulturdepartementet

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til andre offentlige arenaer

Kunstverk