«The Light That I Feel»

Yang Fudong

Kunstprosjektet SALT inviterer anerkjente internasjonale kunstnarar til å lage prosjekt basert på det arktiske landskapet, naturen og historia. Den kinesiske filmkunstnaren Yang Fudong var fyrste gjest i 2014, og i dei åtte fragmenterte svart-kvitt-filmane hans var naturen like mykje hovudperson som kva menneska var.


Vis på kart
Lukk kartet
Finn veien

Finn veien til «The Light That I Feel»

eller
Finn stedet der du er nå
Velg transporttype:
Avbryt
  • The Light I Feel. Fotograf: (fra dropbox)
Klikk for å zoome

Om prosjektet

Om prosjektet

SALT er ein omreisande kunst-, mat-, musikk-, teater- og saunafestival – og eit miljøprosjekt. Det særeigne prosjektet opna i 2014, på Sandhornøya i Nordland, og fekk stor internasjonal merksemd. The Guardian skildra SALT som eit av dei mest spanande utandørsprosjekta i Europa. Festivalen skal halde til på den to kilometer lange sandstranda Langsand fram til 2016. Deretter går turen vidare til Grønland, Island, Færøyane, Alaska og Russland. Prosjektet ønskjer å vise fram kyst- og nomadekulturen i Arktis, der miljøet er trua av klimaendringar og ressursutvinninga av olje og mineral, og skape medvit om klimaet på ein ny måte.

Yang Fudong sitt kunstprosjekt var filminstallasjonen The Light That I Feel. Åtte filmar på til saman åtti minutt vart synt fram i videoboksar. Sju av dei var plassert i ein 150 meter lang fiskehjellkonstruksjon, mens den åttande var montert på pålar utanfor. Filmane vart laga i området rundt Sandhornøya i løpet av ti dagar, med lokale skodespelarar og dansarar. Fudong arbeider intuitivt og utan manus, og filmane, poetiske og personlege utforskingar av det norsknorske landskapet, vart til i dialog med aktørane og landskapet. Vêret og gjestfridommen til øybuarane påverka også det endelege resultatet.

Dei åtte filmane vart projisert på pleksiglas, slik at dei i mørket også var synlege frå utsida av fiskehjellen. Dei sju videoboksane på innsida var meint å spegle Karlsvogna, den kanskje mest kjente stjernehopen på himmelen. Den åttande boksen på utsida skulle representere Nordstjerna.

 

 

Relatert innhold

Medvirkende

Medvirkende

Jianling Zhang, Jiang Pengyi, Zhou Wencao, Huang Xun, Øyvind Opshaug, Pål Aarnseth, Jorma Saarikko, Tor Erik Bøe, Line Halvorsen, Arthur Hakalahti, Minni Mertens, Fedrik Tjærandsand, Malin Pettersen, Ida Frømyr Borgen, Katrine Staub Larsen, Mathias Augestad Ambjør, Mirte Bogaert, Anne Kathrine Fallmyr, Rita Røisland, Linn Henriksen, Aleksander Stav, Jonas Lillengen, Crispin Gurholt, Lars Skjelbreia og Finn Erik Førde

Fakta

Fakta

Besøksadresse

Sandhornøya, Gildeskål kommune, Nordland

Kunstner
Ferdigstilt dato

29.08.2014

Kurator

Helga-Marie Nordby

Komponist

Jin Wang

Samarbeidspartner(e)

Norsk kulturråd
Nordland Fylkeskommune
Nordland Kunst- og filmfagskole

Produsert av

SALT

Arkitektkontor

Rintala Eggertson Architects

Arkitekt

Joar Nango

Kunstfaglig rådgiver
Fotograf

Gunnar Holmstad

Program

Kunst i uterom (URO)

Del dette prosjektet