Terningmoen leir, bygg 0044

Med ein humoristisk strek peikar Constance Tenvik på dei sårbare og romantiske sidene til ungdommar som skal bli soldatar.


Vis på kart
Lukk kartet
Finn veien

Finn veien til Ter­ning­mo­en leir, bygg 0044

eller
Finn stedet der du er nå
Velg transporttype:
Avbryt
  • Gardemann med hestehår og rose #2, Constance Tenvik. Fotograf: Tor S. Ulstein
  • Gardemann med hestehår og rose #3, Constance Tenvik. Fotograf: Tor S. Ulstein
  • Gardemann med hestehår og rose #2, Constance Tenvik. Fotograf: Tor S. Ulstein
  • Gardemann med hestehår og rose #1, Constance Tenvik. Fotograf: Tor S. Ulstein
  • Gardemann med hestehår og rose #1, Constance Tenvik. Fotograf: Tor S. Ulstein
Klikk for å zoome

Om prosjektet

Om prosjektet

Til oppgraderinga av Terningmoen leir på Elverum var det først planlagt å kjøpe inn ferdige verk av Constance Tenvik. Men då KORO tok kontakt med kunstnaren, ville ho heller lage noko nytt med utgangspunkt i militærleiren. Resultatet er tre teikningar med titlane Gardemann med hestehår og rose #1, #2 og #3.

Eit verna brakkebygg frå 1884 er oppgradert og skal huse rekruttar til Hæren og Garden. Her heng teikningane til Tenvik. Både motiv og formspråk talar direkte til målgruppa: Med ein lett og humoristisk strek har Tenvik teikna soldatar i uniformer som minner om gardeuniforma, men i lyse pastellfargar. Kroppane inni uniformene har litt «feil» proporsjonar – små hovud, lange nasar, lange armar og bein og store hender – som ikkje heilt ferdig utvikla tenåringar.

Tittelen Gardemann med hestehår og rose viser til duskane oppå hattane som høyrer til gardeuniforma, og at soldatane på teikningane har roser i hendene. Slik spelar Tenvik på romantiske førestellingar om soldaten som høvisk kavaler.

Constance Tenvik (f. 1990) er utdanna ved Kunstakademiet i Oslo og Yale School of Art i New Haven. Ho arbeider med teikning, måleri, skulptur og performance med innslag av teater, musikk og dans. I desember 2017 opnar ho si første soloutstilling gjennom Unge Kunstneres Samfund (UKS) på Kunstnernes Hus i Oslo.

Les intervju med Constance Tenvik her.

Fakta

Fakta

Besøksadresse

Terningmoen leir, 2403 Elverum

Kunstner
Ferdigstilt dato

31.08.2017

Kurator
Mottakerinstans

Forsvaret, Tor Åge Tøsdal

Byggherre

Forsvarsbygg, Eli Skyberg

Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Ikke tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statlige nybygg

Kunstverk

Kunstverk

Milepæler

Milepæler

  • Oppdragsbrev

  • Kunstplan godkjent

  • Kunstprosjekt ferdigstilt

Relatert innhold

Del dette prosjektet