Svinesund kontrollstasjon

På Svinesund kontrollstasjon rører verket til Juan Andrés Milanés Benito ved spørsmål knytt til kontroll, rørsle og det ekte.

The Treasure Room, Juan Andrés Milanés Benito. Fotograf: © Jan Khür / Abrakadabra Studio 2024

Om prosjektet

Ved Svinesund kontrollområde utfører tollvesenet, Statens vegvesen og politiet varedeklarering og kontroll av køyretøy ved grenseovergangen frå Sverige til Noreg.

I samband med ombygging og forlenging av hall F, blei eit verk av Juan Andrés Milanés Benito kjøpt inn. Skulpturen The Treasure Room (2017) viser to alarmsøyler i bronse, plasserte på kvar si side av eit mellombygg utan dører. Formspråket er kjent, men søylene står for langt frå kvarandre til å fungere. Det er heller ikkje klart kva verdiar som skal vernast. The Treasure Room rører seg mellom funksjon, dysfunksjon og over i det absurde, og opnar for refleksjon rundt kontroll, forventning og det ekte.

The Treasure Room er tidlegare vist på Galleri Riis i Oslo, då i ein annan kontekst. Der måtte alle besøkande passere søylene for å kome inn og ut av utstillingsrommet, og ved utgang fekk alle eit pip etter seg; alle blei kontrollerte og skuldige, sjølv om det ikkje fanst objekt inne som det var fysisk mogleg å ta med seg ut. Denne funksjonen er ikkje vidareført på Svinesund, men det usikre knytt til kontrollsituasjonen er bevart.

Cubanske Juan Andrés Milanés Benito (f. 1978) er utdanna ved kunstakademia i Oslo og Trondheim. Med sine presise avstøypingar av kjente objekt i overraskande materiale, kommenterer arbeida hans sosiale, politiske og miljømessige aspekt ved forflytting og transisjon. Milanés Benito har stilt ut i inn- og utland, delteke i biennalar i Dakar og Havanna, og blir representert av Galleri Riis i Oslo.

The Treasure Room er det andre verket frå KORO til Svinesund kontrollstasjon. Til opninga av kontrollområdet i 2005 laga Dan Wolgers verket Den 7. juni 2005.

 

English:

The art at the Svinesund checkpoint might look familiar. However, the security pedestals are positioned too far apart to function, nor is it obvious what values they protect. The artwork oscillates between function and dysfunction, and into the absurd, opening for a wider reflection on control, expectation, and authenticity.

Cuban-born Juan Andrés Milanés Benito (b. 1978) studied at the art academies in Oslo and Trondheim. Casting familiar objects in surprising materials, his works comment on social, political, and environmental aspects of displacement and transition. Milanés Benito has exhibited in Norway and abroad, participated in biennials in Dakar and Havana, and is represented by Galleri Riis in Oslo.

 

Polski:

Sztuka w punkcie kontrolnym w Svinesund może wyglądać znajomo. Jednakże, słupy bezpieczeństwa umieszczone są zbyt daleko od siebie, aby spełniać swoją funkcję. Nie jest też oczywiste, jakie wartości mają chronić. Praca porusza się między funkcją a dysfunkcją,
przechodząc w absurd, otwierając pole do refleksji na temat kontroli, oczekiwań i autentyczności.

Kubańczyk Juan Andrés Milanés Benito (ur. 1978) studiował na Akademiach Sztuk Pięknych w Oslo i Trondheim. Poprzez odlewanie znanych obiektów w nietypowych materiałach, jego prace komentują społeczne, polityczne i środowiskowe aspekty przemieszczenia i przejścia. Milanés Benito wystawiał swoje prace w Norwegii i poza jej granicami, brał udział w biennale w Dakarze i Hawanie, jest reprezentowany przez Galerię Riis w Oslo

 

Detaljer

Adresse

Sponvikveien 9, 1794 Sponvika

Fylke

Østfold

Kunstner

Juan Andrés Milanés Benito

Ferdigstilt dato

01.10.2024

Prosjektleder

Robert Johansson

Mottakerinstans

Tollregion Øst-Norge

Totalentreprenør

PEAB AS

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for besøkende

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk