Politihuset i Florø

Det fyrste besøkande ved politihuset i Florø møter, er Mikkel Wettre sin skulptur The Goblin’s Raincoat. Den liknar ein stilisert, tom regnfrakk og gjev også assosiasjonar til behovet for vern.

The Goblin's Raincoat, Mikkel Wettre. Fotograf: Trond A. Isaksen

Om prosjektet

Politihuset er eit signalbygg i Florø. Om lag 85 menneske har sitt daglege virke på huset, som òg rommar friomsorgskontor og alarmsentralen for Sogn og Fjordane. Den 2,3 meter høge skulpturen til Mikkel Wettre blei sett opp i 2010, på den opne plassen utanfor inngangen. Den er laga av utskorne aluminiumsplater som er varmesveisa og pulverlakkert. Skulpturen speglar naturen rundt, med djupe fjordar og høge fjell, og er utforma i eit stilisert og digitalt formspråk.

Tittelen The Goblin’s Raincoat viser til eit japansk eventyr om eit lite, vondskapsfullt troll som lurar til seg ei kappe som gjer deg usynleg. Figuren dukkar òg opp i europeiske soger frå tidleg mellomalder, og i ulike variantar i norrøne mytar og norske folkeeventyr, mellom anna som vette. Regnfrakkvarianten til Wettre har noko mystisk over seg, samtidig som den gjev assosiasjonar til behovet for vern – mot vêr og vind, regn og kulde, eller ei vanskeleg og trugande omverd.

Skulpturen bygger vidare på tidlegare prosjekt av Mikkel Wettre. Skulpturane hans er enkle og strenge, men vekkjer òg ei kjensle av noko irrasjonelt og poetisk. Kunstnaren jobbar med teikning og datagrafikk, og lagar verk som set i spel konfrontasjonar mellom fysiske gjenstandar, krefter og element som er henta frå både det virtuelle og det konkrete, naturen og det syntetiske.

 

Mikkel Wettre (f. 1974) er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og ved School of Visual Arts i New York. Han har hatt ei rekkje separat- og gruppeutstillingar i Noreg og i utlandet. For meir informasjon, sjå kunstnaren si heimeside.

Detaljer

Adresse

Strandavegen 13, 6900 Florø

Fylke

Vestland

Kunstner

Mikkel Wettre

Ferdigstilt dato

27.12.2010

Prosjektansvarlig

Elisabeth Tetens Jahn

Kunstutvalgets øvrige medlemmer

Harald Fenn
Anders Wibstad Smebye
Elisabeth Byre

Arkitektkontor

Stein Halvorsen AS

Mottakerinstans

Sogn og Fjordane politidistrikt

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til leiebygg og eldre statlige bygg