Nord universitet, Bodø

Besøkande til den nyopna sentraladministrasjonen til Nord universitet i Bodø vil oppleve foto- og videokunst av Per Christian Brown (NO). Med utgangspunkt i dei materielle eigenskapane til stein, jord og vatn koplar han saman vitskap og poesi, sansar og fantasi.

Nord universitet, Campus Bodø, . Fotograf: Werner Zellien

Om prosjektet

Nord universitet blei danna i januar 2016 etter at ein slo saman det som tidlegare var Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Nord-Trøndelag. Det nye universitetet har ni studiestader. No blir eit 2588 kvadratmeter stort nybygg opna på studiestaden i Bodø. Det skal primært huse sentraladministrasjonen til universitetet.

Kunstprosjektet for nybygget har resultert i innkjøp av åtte fotografi og eit videoarbeid av Per Christian Brown (f. 1976). Kunsten hans tek ofte utgangspunkt i forsking og vitskapshistorie. Dei innkjøpte verka rettar spesielt merksemda mot dei materielle eigenskapane til element som jord, stein, vatn – og mjølk, og det på ein måte som opnar dører frå det sanseleg konkrete til det uhandgripelege i draum og fantasi.

Videoarbeidet med tittelen «Earth and Reveries of Repose – Reveries of Material Interiority» er basert på den franske filosofen Gaston Bachelards avhandling frå 1948: «La terre et les rêveries du repos» («jorda og dagdraumane til kvila»). Ei forteljarstemme les på engelsk fragment frå Bachelards essay samstundes som filmen illustrerer og går i dialog med dei filosofiske spekulasjonane – til dømes rundt det at overflata til mjølk ser svart ut når ein studerer ho på nært hald.

Det 24 minutt lange videoarbeidet blir vist i sløyfe på ein veggmontert skjerm i garderobeområdet i underetasjen. Det er lett tilgjengeleg frå publikumsområdet i etasjen over, kor dei seks fotografia til Brown er plassert.

Fotografia viser vulkanske hòler på Island og abstrakte tablå av stein, mineral og flytande fargepigment fotografert i ulike glaskolbar. Arbeida har eit poetisk uttrykk samstundes som dei spelar på psykologiske fargeteoriar og fargesymbolikk.

Detaljer

Adresse

Universitetsaleen 11, 8049 Bodø

Fylke

Nordland

Kunstner

Per Christian Brown

Ferdigstilt dato

30.06.2017

Prosjektleder

Janicke Heggem Rudi Iversen , KORO

Kurator

Ellen Sæthre-McGuirk , KORO
Joakim Borda-Pedreira , KORO

Mottakerrepresentant

Eva Skaaia , Nord universitet
Terje Almendingen , Nord universitet

Produksjonsutvalg

Torgeir Høiem , prosjektleder, Statsbygg
Lorents Utgård , arkitekt, Gnist Arkitekter AS

Arkitektkontor

Gnist Arkitekter AS

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk