NHH Norges Handelshøyskole, servicebygget

Det nyproduserte måleriet Irske kniplinger av Ida Ekblad har fått ei markant plassering på veggen i trappeløpet ned til aulaen i Servicebygget ved Norges handelshøyskole i Bergen.

Irske kniplinger, Ida Faldbakken Ekblad. Fotograf: Werner Zellien

Om prosjektet

Eit typisk trekk ved kunsten til Ekblad er hennar vedvarande utforsking av ulike teknikkar og materialar, samt den frie bruken av kvardagsgjenstandar og referansar til kunsthistoria og populærkulturen.  Det kjem også til uttrykk i storformatsmåleriet Irske kniplinger.

Komposisjonen er abstrakt, med element frå mellom anna handverket knipling, eit motiv kunstnaren også har jobba med tidlegare. Kniplingane, som ho har gjort delvis synlege, har ho funne i gamle arkiv og deretter fotografert. Det er desse fotografia som er utgangspunktet for dei måla kniplingane. Vidare er motivet basert på mønster og ornamentale strukturar som breier seg energisk og leikent utover flata. Nokre kjenner ein igjen, men dei fleste er frå kunstnarens eigen fantasi. Vi finn også eit gensererme frå ei høghalsa trøye kunstnaren brukte som lita. Måleriet er eksplosivt i fargerikdommen sin og utført med pastose (tjukke) målingsstrøk og den karakteristiske puff-teknikken til kunstnaren, som gjer målinga ekstra tjukk.

Gjennom sine taktile kvalitetar kommuniserer Irske kniplinger med den eksisterande kunsten ved skulen, blant anna tekstilarbeida til Frida Hansen og det abstrakte veggmåleriet til Inger Sitter. Samtidig utfyller Ekblad dei mannlege kunstnarane i den nyare delen av skulen ved at ho tilfører skulen eit personleg, ekspressivt og koloristisk måleri med referansar til handverkstradisjonar.

Ida Ekblad (f. 1980) bur og arbeider i Oslo. Ho er utdanna ved Central Saint Martins i London og Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har på få år etablert seg som ein av dei mest tonegivande yngre kunstnarane. Ekblad hadde separatutstilling ved Muset for samtidskunst allereie i 2013 og i 2019 hadde ho to større separatutstillingar i Museo Tamayo i Mexico by og Kunsthalle Zürich Kunsthalle.

Detaljer

Adresse

Helleveien 30, 5045 Bergen

Fylke

Vestland

Kunstner

Ida Faldbakken Ekblad

Ferdigstilt dato

20.12.2019

Prosjektleder

Elisabeth Tetens Jahn

Fagkomite

Marie Buskov
Ole Martin Lund Bø
Susanne Østby Sæther

Arkitektkontor

Origo Arkitektgruppe AS

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til leiebygg og eldre statlige bygg

Kunstverk