Luftforsvarsbase Bodø

Synnøve Persens fargesterke og abstrakte måleri tilfører Bodø flystasjon varme og ro til ettertanke.

Blått kvadrat, av Synnøve Persen. Fotograf: Jenny-Marie Johnsen

Om prosjektet

330-skvadronen ved Bodø flystasjon er ein av Luftforsvarets operatørar av redningshelikoptertenester i Noreg. Mannskapen på om lag 40 personar har ein kvardag som til tider er prega av svært dramatiske hendingar. Det står ofte om liv eller død når alarmen går. Det var difor eit ønske at kunsten til den nybygde flystasjonen i Bodø skulle bidra til ein atmosfære som både verka roande og gav nytt overskot.

Bodø flystasjon består av eitt bygg med buareal for tilstadesvakter og eitt bygg som husar administrasjon, teknisk vedlikehald og kantine. Kunsten er plassert i opphaldsromma som fungerer som kjøkken, kantine og møterom.

Mannskapen i 330-skvadronen ønskte ikkje kunst som illustrerte arbeidet deira direkte, men snarare kunst med ei meir abstrakt tilnærming til verksemda på flystasjonen. Det var òg eit ønske at dei kunne ha utbytte av å sjå kunsten både frå langt hald og på nært hald.

Synnøve Persen (NO) har laga fire verk av til saman fem akrylmåleri til flystasjonen. Dei abstrakte motiva er forankra i det nordnorske landskapet gjennom både formspråk, koloritt og lystolking. Fargane gir assosiasjonar til ei varm, livgivande sol og ein open himmel, men opnar òg for meir private og eksistensielle tolkingar. Slik skaper bileta høve til ro og ettertanke mellom dramatiske redningstokt.

Synnøve Persen (f. 1950) har samisk bakgrunn og har vore sentral i organiseringa av det samiske kunstlivet gjennom ei rekkje verv. Ho er utdanna ved Kunstskolen i Trondheim og Statens kunstakademi og er innkjøpt av mellom andre Norsk kulturråd, Sametinget og Nordnorsk Kunstmuseum. Persen er også ein velrenommert forfattar.

Bodø flystasjon, 330-skvadronen blei i 2016 kampflybase og base for Natos Quick Reaction Alert ut F-16s levetid (til rundt 2021) og utøver også redningstjeneste med helikopter.

Detaljer

Adresse

Olav V gate 46, 8004 Bodø

Fylke

Nordland

Kunstner

Synnøve Persen

Ferdigstilt dato

01.11.2012

Prosjektansvarlig

Dag Wiersholm
Mette Kvandal

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Inge Pedersen
Jenny-Marie Johnsen

Mottakerinstans

Luftforsvaret

Byggherre

Forsvarsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Ikke tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk