Kongsvinger trafikkstasjon

Kongsvinger trafikkstasjon har fått tre måleri av Lars Korff Lofthus. Han er opphavleg frå Lofthus i Hardanger, og mange av bilda hans skildrar ein moderne vestlandsnatur som er påverka av menneskeskapte endringar.

Tre og brøytestikke og Tunnel (blå), Lars Korff Lofthus. Fotograf: Randi Thommessen

Om prosjektet

Trafikkstasjonen behandlar spørsmål knytt til køyretøy, førarkort og registrering av køyretøy. Frå før inneheldt stasjonen mellom anna ei verkstadavdeling, publikumsrom, kontor og møterom. Det 410 kvadratmeter store tilbygget går over to etasjar og inneheld hovudsakleg kontor og ete- og møterom.

Både dei som arbeider på stasjonen, og dei besøkande har ulik bakgrunn og ulike interesser, noko ein måtte ta omsyn til i valet av kunstverk. Valet falt på tre måleri av Lars Korff Lofthus. Kunstnaren har dei seinare åra arbeidd mykje med landskapsskildringar, og det er den nye vestlandsnaturen ein møter i bilda hans, eit landskap som er prega av det moderne mennesket, vegkonstruksjonar, fjellveggar som er hogne til for å gje plass til ein veg, tunnelar, lys og brøytestikker.

Til publikumsområdet i bygget er to mindre arbeid kjøpt inn: Tre og brøytestikke og Tunnel (blå), begge frå 2012. Bilda skildrar eit landskap som bilistar køyrer gjennom i det daglege, på reiser mellom tettstader og byar, med element frå moderne vegkonstruksjon som vi kanskje ikkje tradisjonelt tenkjer på som ein del av landskapet, men som i verkelegheita pregar det.

I matsalen heng eit større måleri av Lofthus, kor himmel og skyer er måla fram i tynne strøk med brei pensel, mens det skogdekte fjellandskapet er blitt til med taggete og mindre penselstrøk. Dette skaper ein kontrast mellom den lette himmelen og den kompakte skogen. Rommet har store vindaugsflater mot Glomma, og bildet til Lofthus speglar det skogdekte åslandskapet utanfor, samtidig som den spisse tinden på bildet står i kontrast til det flatare landskapet i Kongsvinger.

Frå før hadde trafikkstasjonen eit bilde av Tore Hansen. Dette bildet har fått ny innramming og heng nå i eit møterom.

Lars Korff Lofthus (fødd 1978) bur og arbeider i Hardanger og Bergen. Han er utdanna ved Kunstakademiet ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen, og har stilt ut på stader som Entrée i Bergen, Tromsø kunstforening, Bergen Kunstmuseum og Performa 13 i New York.

Detaljer

Adresse

Kongevegen 3, 2211 Kongsvinger

Fylke

Innlandet

Kunstner

Lars Korff Lofthus

Ferdigstilt dato

01.04.2016

Prosjektansvarlig

Nora Ceciliedatter Nerdrum

Kurator

Nora Ceciliedatter Nerdrum

Arkitektkontor

Plan1 AS

Byggherre

Statsbygg

Mottakerinstans

Statens vegvesen - region øst

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk

Milepæler

13.10.2014


Prosjektoppstart