Holmestrand stasjon

Skulpturen Rock Collection av Frida Tebus er inspirert av lokale steinskattar frå fjellet under Holmestrand.

Rock Collection, Yellow Limonite with Rock Crystal, Red Porphyry, Green Prehnite with Calcite, White Porphyry, Black Porphyry, Black Epidote with Rock Crystal, Frida Tebus. Fotograf: Werner Zellien

Om prosjektet

Den gamle delen av Holmestrand, med idylliske hus og småbåthamn, ligg ved foten av ein bratt fjellvegg vend mot Oslofjorden. Dei fleste innbyggjarane i området bur oppå fjellplatået. Den nye jernbanestasjonen i byen er flytta inn i fjellet, noko som frigjer plass i sentrum og gjer stasjonen lettare tilgjengeleg for dei som bur på platået. Derifrå går det nemleg ein heis ned til stasjonen.

Då Frida Tebus (SV) besøkte Holmestrand som ein del av forarbeidet til kunstprosjektet, møtte ho tilfeldigvis Trond Owe, ein tilsett i Bane NOR. I bilen hadde han ein stor bergkrystall som nyleg var blitt funnen etter ei sprenging i fjellet. Det viste seg at Owe i lang tid hadde tatt vare på mineralfunn frå ulike anleggsarbeid i området. Eit tjuetals flotte steinar, som bergkrystall, kalkspat, prehnitt, epidot og limonitt, låg utstilt i eit glasskap på byggeplassen.

Det gav ideen til skulpturgruppa som no står på plassen utanfor den nordre inngangen til stasjonshallen. Den fulle tittelen på verket er Rock Collection. Yellow Limonite with Rock Crystal, Red Porphyry, Green Prehnite with Calcite, White Porphyry, Black Porphyry, Black Epidote with Rock Crystal.

Skulpturgruppa består av noko som liknar seks kampesteinar plassert på eit betongpodium dekt av grus. Men skulpturane er i realiteten støypte i polyester forsterka med glasfiber, som forstørringar av steinfunna i fjellet: krystalliske mineral og fine eksemplar av bergartane porfyr og basalt. Dei er svært vakre og glitrar som edelsteinar. Sjølv om pengeverdien ikkje er så stor, kan ein godt snakke om at dei er lokale skattar frå fjellet i Holmestrand.

Måten steinformasjonane er sett opp på, leier tankane mot ein japansk zen-hage. Her kan ein stoppe opp og finne ro ved den majestetiske klippeveggen som skjuler den nye stasjonshallen.

Detaljer

Adresse

Langgaten, 3080 Holmestrand

Fylke

Kunstner

Frida Tebus

Ferdigstilt dato

01.07.2017

Prosjektansvarlig

Janicke Heggem Rudi Iversen , KORO
Dag Wiersholm , KORO (til 2015)

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Mikkel Wettre , KORO, utvalgsleder
Linus Elmes , KORO

Kunstutvalgets øvrige medlemmer

Martin Fadum , repr byggherre
Jan Ove Fjællingsdal , repr byggherre
Gertruud Kunst , repr Holmestrand kommune
Gunnar Sørensen , repr arkitekt

Arkitekt

Gottlieb Paludan Architects

Byggherre

Bane NOR

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk