HVL Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal

Den nysgjerrige og utforskande haldninga til forskinga har inspirert tre kunstverk på høgskulen. Utanfor det nye sentralbygget på Fosshaugane kjem ein stadig over små menneskefigurar som klatrar i murane, pressar seg inn og ut av sprekkar og kikkar utfor stup.

Gud fekk ikkje pupp, av Maria Annika Udd og Stine Karlsen. Fotograf: Pål Hoff

Om prosjektet

Med det nye sentralbygget samlar Campus i Sogndal heile verksemda si i fire bygningar på Fosshaugane. Med kantine, bibliotek, kontor og undervisningsrom vil sentralbygget vere ein møteplass og eit bindeledd mellom dei andre bygga på Fosshaugane. «Vi utforskar og utviklar» er eitt av slagorda til høgskulen, og kunstutvalet ønskte at kunsten skulle spegle dette mottoet.

I uteområdet har Trine Hovden plassert ut femti små menneskefigurar støypt i bronse. Dei om lag tjue centimeter høge miniskulpturane kan likne små forskarar i måten dei utforskar og utfordrar omgjevnadene på. I dei støypte betongdekka ved inngangspartia og i trappene kan ein finne små spor eller fotavtrykk etter dei.

Den gule kantineveggen i femte etasje er dekka av eit veggmåleri laga av Maria Udd og Stine Karlsen. Verket består av to tekstar og ein illustrasjon. Utsegna «Gud fekk ikkje pupp», som står skrive med feit skrift over mykje av veggen, kan sjåast på som ein refleksjon rundt den skeive økonomiske fordelinga i verda og dei galopperande naturkreftene. Assosiasjonane til dei globale utfordringane blir forsterka av ein vakker, men òg urovekkande illustrasjon av ei mengde daude bier. Setninga «Rykk tilbake til start» gjev assosiasjonar til spel og spørsmål om tilfelle. Å starte på nytt kan gjere det mogleg både å engasjere seg i noko og å rette opp ein feil.

På veggen i trapperommet, som strekker seg opp gjennom etasjane, er Uvitenhetskart av Torgeir Husevaag installert. Verket er ei høyst subjektiv visualisering av kunnskapshòla ein kan ha. Utgangspunktet er eit komplekst språkkart, forenkla og stilisert ved at «hòla» i gipsplatene er sparkla igjen og dei uforståelege orda og omgrepa er forenkla til ein binær kode kor ei staving svarar til eit sparkla hòl. Ein mobil-app som høyrer til, gjer det mogleg å navigere i verket på veggen og få det tilsynelatande abstrakte mønsteret omsett til eit språkleg nettverkskart. På biblioteket i fjerde etasje heng eit veggkart basert på teikningane som er brukt i appen.

Detaljer

Adresse

Fossvegen 4

Fylke

Vestland

Kunstnere

Trine Hovden
Maria Udd
Stine Karlsen
Torgeir Husevaag
Maria Annika Udd

Ferdigstilt dato

14.07.2014

Prosjektansvarlig

Dag Wiersholm
Mari Aarre
Mette Kvandal
Yngvild Færøy

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Gerd Endestad
Vigdis Fjellheim

Arkitektkontor

Arkitektgruppen lille frøen as

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk