INN Høgskolen i Innlandet, campus Evenstad, hybelbygg

Studentane ved høgskulen er ivrige brukarar av naturen. Da Even Bie-Larsen blei beden om å utforme eit kunstverk til skulen, valde han å konstruere ein bålplass til uteområdet. Konstruksjonen er inspirert av koiene som blei brukt av skogsarbeidarane før i tida.

Motherland (vinter 1), Janicke Schønning. Fotograf: Janicke Schønning

Om prosjektet

Evenstad er ein del av Avdeling for anvendt økologi og landbruksfag ved Høgskolen i Hedmark. Tidlegare var dette ein skogskule, etablert i 1912 på garden Evenstad. Forutan bioenergi og anvendt økologi tilbyr høgskulen utdanning innan skog- og utmarksfag, jakt, fiske og naturrettleiing.

Det er i dag om lag 200 studentar ved Avdeling for anvendt økologi og landbruksfag, og avdelinga har hatt ein sterk auke i talet på søkjarar dei siste åra. I 2014 fekk Statsbygg i oppdrag å byggje to nye hybelbygg på Evenstad. Dei fleste hyblane har vore provisoriske bygningar eller bygg som ikkje held dagens standard. Dei nye bygga dannar ein hestesko rundt eit tun, og rommar til saman 117 hyblar som kan leigast ut til studentar.

Da kunstkomiteen bad Even Bie-Larsen om å utforme eit kunstverk til skulen, kom det fram at han både hadde vore student ved skulen tidleg på 70-talet og skogsarbeidar i området da han var ung. I kunstprosjekta sine har han ofte nytta tre som materiale. Studentane ved skulen hadde allereie laga ein bålplass utanfor dei gamle hybelbygga, og Bie-Larsen ønskte å ha elden og ljørkoia som utgangspunkt for prosjektet sitt. Ei ljørkoie er eit enkelt lafta bygg med ein eldstad i midten av rommet og eit hòl i taket (ljore) der røyken siv ut, og blei brukt som overnattingsstad av arbeidsfolk i skogen før i tida. Eldstaden til Bie-Larsen er ein enkel og stilisert variant utan tak, som studentane kan samlast rundt.

I det eine inngangspartiet til hybelbygget har Bie-Larsen produsert ei teikning. I dei seinare åra har kunstnaren arbeidd mykje med teikningar av kart, som blir sett saman med tekstar, både skjønnlitterære og andre, lånt frå reisedagbøker og fagbøker. Han har laga ein serie med bilde som tek for seg større elveløp, og til Evenstad har han produsert eit bilde der Glomma er utgangspunktet. Elva renn rett forbi Evenstad og har fleire gonger fløymd over området. Både dei nye hybelbygga og terrenget rundt er heva for å ta omsyn til eventuelle flaumar i framtida.

Til det andre inngangsområdet er det kjøpt inn fleire bilde av Janicke Schønning. Schønning arbeider ute og lèt naturen legge att spor i arbeida. Frost, regn og småkryp set spor og blir medskaparar i landskapsarbeid i tusj og akvarell. Schønning hadde i 2014 ei soloutstilling på Tegneforbundet i Oslo, og ei soloutstilling er planlagt på Norsk Skogmuseum på Elverum i 2016.

Detaljer

Adresse

Anne Evenstadvegen 80, 2480 Evenstad

Fylke

Innlandet

Kunstnere

Toril Johannessen
Even Bie-Larsen
Janicke Schønning

Ferdigstilt dato

01.09.2016

Kunstfaglig prosjektleder

Janicke Heggem Rudi Iversen , KORO
Nora Ceciliedatter Nerdrum , KORO til 2018

Kurator

Randi Thommessen , KORO til 2015

Arkitektkontor

Letnes arkitektkontor as

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk

Milepæler

28.08.2014


Prosjektoppstart