INN Høgskolen i Innlandet, campus Evenstad, administrasjonsbygg

Dyr som misser fotfestet på jordkloden, og ei romferje på veg ut i verdsrommet: Kunstverka til Eli Hovdenak kommenterer faga landbruk og økologi på ein fargesterk og humoristisk måte.

Alt henger sammen, Eli Hovdenak. Fotograf: Werner Zellien

Om prosjektet

Kunsten til Eli Hovdenak krinsar ofte rundt dyreliv og bruk av naturen, med varme skråblikk på romantiske førestellingar og klisjear knytt til kunst og natur. Det var noko av bakgrunnen for at ho vart beden om å skape kunst til det nye administrasjonsbygget ved studiested Evenstad, Avdeling for anvendt økologi og landbruksfag ved Høgskolen i Innlandet.

Foajeen, kor resepsjonen også ligg, har ein stor peis midt i rommet og er tenkt som møteplass for studentane. Her er også kunsten til Hovdenak plassert.

Verket Alt henger sammen består av 18 delar, på måla valchromatplater med freste teikningar basert på tresnitt og tusjpenselteikningar. Dei små, fargesterke bileta er sett opp i grupper som bind veggflatene i resepsjonen saman.

Dyr og menneske teikna med ein enkel strek formidlar ei humoristisk og håpefull innstilling til livet. Samtidig nærmar verket seg eit tema som òg er sentralt for studentane på Evenstad: Klimatiske og økologiske endringar viser at det som skjer på andre sida av kloden har konsekvensar også her.

Motiv som elg og tømmerfløyting viser til naturen og tradisjonen for skogdrift på Evenstad og til dei lokale flaumane i Glomma. Dyr som bokstaveleg tala misser fotfestet på jordkloden, minner om konseptet økologisk balanse, medan ei romferje peikar mot eit scenario kor balansen er tapt. Kanskje må menneske og dyr ein gong rømme frå jordkloden og søke andre stader å leve?

Eli Hovdenak (f. 1956) er utdanna målar og grafikar ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og Statens kunstakademi. Ho har arbeidd med både veggmåleri og trerelieff. Arbeida hennar kan ved første blikk ha eit naivistisk preg, men veks i kompleksitet ved nærare gransking.

Detaljer

Adresse

Anne Evenstads veg 80, 2480 Koppang

Fylke

Innlandet

Kunstner

Eli Hovdenak

Ferdigstilt dato

25.05.2017

Kunstfaglig rådgiver

Janicke Iversen

Kurator

Tiril Schrøder
Hans Thorsen

Arkitektkontor

Ola Roald AS Arkitektur

Produksjonsutvalg

Inger-Johanne Tollaas

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk