Gjøvik omsorgssenter for barn

I ein del av hagen til Gjøvik omsorgssenter finn ein kunstprosjektet Arboretum. Inne i ein paviljong er det planta tre frå ulike stader i verda. Tanken bak prosjektet er å skape eit samband mellom stadene ungane kjem frå, og staden dei er på nå.

Arboretum, av Rintala Eggertsson Arkitekter. Fotograf: Pasi Aalto

Om prosjektet

Det er barnevernet som tek hand om einslege asylsøkjarar under 15 år som kjem til Noreg. Medan dei ventar på at søknaden deira om opphaldsløyve skal bli behandla, får dei tilbod om å bu på eit omsorgssenter. Eit av desse ligg landleg til utanfor Gjøvik sentrum, med utsikt til Mjøsa, nær skiløyper og fotballbane. Omsorgssenteret, som ligg under Bufetat, har fem avdelingar med fem til sju barn i kvart hus. Mange av dei kjem frå Afghanistan, men òg frå Eritrea, Etiopia, Sri Lanka, Libya, Libanon, Somalia, Irak og Iran.

Bygningane blei rusta opp og fornya i 2008, og i samband med det gjorde arkitektkontoret Rintala Eggertsson Arkitekter eit kunstprosjekt i hagen til senteret. Paviljongen er utforma som eit verdskart der bebuarane kan finne landet sitt, heimstaden sin – til og med eit tre som dei kjenner frå før. Verdskartet er delt inn i trekantar etter ein modell som blei utvikla på 50-talet for å vise fram jordkloden mest mogleg presist. Kontinenta ligg etter kvarandre i ei samanhengande rekkje, som formidlar korleis menneska og kulturane i verda er knytt saman i ei lang lenke. Å bevege seg inne i hagen er ei sanseleg oppleving, og barna får eit personleg forhold til paviljongen ved å vere med på dugnader der dei steller trea og driv vedlikehald av leveggane.

Rintala Eggertsson Arkitekter har fått stor merksemd for dei innovative og eksperimentelle arbeida sine. Dei har gjennomført verk over heile verda, og har laga ei rekkje prosjekt som ligg ein stad mellom kunstinstallasjon, arkitektur og stadutvikling. Om kunstverket på Gjøvik seier Rintala Eggertsson at «mens barna ventar på avklaringa av livssituasjonen sin, har dei behov for at planeten er flat, slik at det er mindre risiko for å falle av i farta». På nettsida til arkitektkontoret ligg det fleire bilde av hagen og planskisser som viser korleis ideen vart utvikla.

Detaljer

Adresse

Øverbyvegen 91, 2825 Gjøvik

Fylke

Innlandet

Kunstner

Rintala Eggertsson Arkitekter

Ferdigstilt dato

29.09.2011

Prosjektansvarlig

Yngvild Færøy
Mette Kvandal

Byggherre

Statsbygg

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Per Henrik Svalastog

Arkitektkontor

Plan og Prosjekt Arkitekter AS

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk