«Forbedring av markedsfasiliteter»

Mobile Kultur Byrå inviterte 14 kunstnarar og kunstnargrupper til å lage kvar si kunstnariske utforming av telta til dei russiske torghandlarane i Kirkenes. Bak tiltaket ligg eit ønske om å gjere kunsten meir synleg i området og betre forholda for dei langvegsfarande russarane.

Reguleringer, Ulrike Solbrig. Fotograf: Irene Rasmussen

Om prosjektet

Kvar månad kjem dei russiske torghandlarane, dei fleste av dei kvinner og pensjonistar, den 250 kilometer lange vegen frå Murmansk for å selje varene sine på torget: treverk og neverarbeid, heimeproduserte produkt som matrosjkaer, krystall, lindukar og sjal. Kommunen sørgjer for bord, men vêrforholda i området er harde, og når det snør eller regnar, må torghandlarane dekke til varene sine. Dermed er dei ikkje lenger synleg for kundane.

Sidan 2008 har Mobile Kultur Byrå, ved kurator Hilde Methi (NO) og kunstnarane Kirsten Dufour (DK) og Ulrike Solbrig (DE), på ulike måtar belyst situasjonen til seljarane. Dei har arrangert opne møte, intervenert på marknaden, skrive artiklar, hatt utstillingar og skaffa tolkar for kundane. Slik problematiserer dei marknadsomgrepet og gjev det ein meir opphavleg definisjon enn det har fått dei seinare åra: Ein marknad = ein fysisk marknadsplass der folk møtest. Fleire bilde og videoar frå prosjektet er med i vandreutstillinga I Nasjonalmuseets blindsone, eit samarbeidsprosjekt mellom Transnational Arts Production (TrAP) og Nasjonalmuseet. Kunstprosjektet har òg tatt for seg reguleringar i Utlendingslova og jobba opp mot UDI for å betre forholda for torghandlarane. Dei intrikate reglane og strenge restriksjonane har da òg blitt mjuka opp dei seinare åra.

Dei 14 telta er laga for å beskytte både seljarane, varene og kundane mot snø, kulde og regn, og gjer handelen til ei hyggelegare oppleving. På baksida av telta har kunstnarar frå Noreg, Sverige, Danmark, Russland, Nederland og Tyskland utforma kvart sitt spesifikke mønster eller bilde, og når telta står i ein spesiell konstellasjon på den opne plassen, blir mønstra til ein slags collage av ulike uttrykk. Handelsfolka har tatt på seg rolla som formidlarar av dei ulike kunstverka. Dei kjem òg til å selje ein publikasjon som omhandlar prosjektet. Tidspunkta for russarmarknaden i Kirkenes er bestemt av grensereguleringar og andre politiske avgjerder. Dei same reguleringane styrer kor synlege kunstverka er: Når torghandlarane kjem, er verka på teltdukane pakka fram og godt synlege midt i byen. Når dei forlèt markanden, blir kunsten pakka bort. I anledning prosjektet har ein gammal russisk torgkonesong frå 20-talet blitt tilpassa marknaden i Kirkenes. På nettsida til Mobile kultur Byrå finst ei oversikt over handelsdagane i Kirkenes i løpet av året.

Forutan å få støtte frå KORO (URO) er prosjektet blitt støtta av BarentsKult og Sør-Varanger kommune.

Medverkande kunstnarar: Finn Thybo Andersen & Kirsten Dufour, Siri Austeen, Yvette Brackman, Solveig Dufour & Peter Stoffel, Espen Sommer Eide & Kristin Taarnesvik, Geir Tore Holm & Søssa Jørgensen, Ane E. Johansen, Joar Nango & Martijn In’t Veld, Annelie Nilsson, Pavel Pepperstein, Glafira Severianova, Ulrike Solbrig, Silje Figenschou Thoresen og Morten Torgersrud.

Detaljer

Adresse

Torget på Kirkenes

Fylke

Finnmark og Troms

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til andre offentlige arenaer