Erkebispegården i Trondheim

Kunstprosjekta ved Erkebispegården i Trondheim er blitt til ved ulike tilnærmingar. Tekstilkunstnar Else Marie Jakobsen har gått i dialog med historiske hendingar og symbol, mens Gunnar Torvund har lagt størst vekt på at kunsten spelar på lag med arkitekturen og eigenarten til rommet.

St. Olav. Soga om heilag Olav (1), Else Marie Jakobsen. Fotograf: KORO/Ane Marte Ringstad

Om prosjektet

Erkebispegården i Trondheim blei bygd på 1100-talet som bustad for erkebiskopen av Nidaros. Bygningskomplekset ligg som fløyer rundt eit kvadratisk gardstun, rett ved sida av Nidarosdomen.

 Austfløya (Bispefløya) og sørfløya til Erkebispegården er nye museumsbygg, oppført i 1997 etter ein brann i 1983. Arkitekt Nils Henrik Eggen teikna dei nye bygningane. Kunstprosjektet i austfløya er todelt og består av arbeid av Else Marie Jakobsen og Gunnar Torvund.

Else Marie Jakobsen sin tredelte bildevev St. Olav. Soga om Heilag Olav rommar scener frå livet til Olav den heilage og symbol knytt til erkebispegarden. Hovudteppet er heile ti meter breitt og er montert eit stykke opp på veggen i vestibylen. Dei to andre delane er monterte ved den innvendige hovudinngangen til Herresalen (tidlegare den austre ytterveggen på nordfløya) og i Parsbergrommet i Bispefløya (på nivå med myntverkstaden i museet). Sideteppa rommar mellom anna erkebispesymbol, Olavssegl, vikingskip og treeiningssymbol. I det eine sideteppet har Jakobsen valt å spele på lag med fargetonane til murveggen. Hovudfargane er kraftig gammalrosa, engelskraudt, syrleg gult, svak oransje, blått/grått, svart og kvitt i mange variasjonar.

Gunnar Torvund sine relieffskulpturar Historie/rytme i tre, bronse, stål og pleksiglas er monterte på den sju meter høge sørgavlen i Øysteinsalen (plenumssalen) i austfløya. Arbeidet er skapt i samspel med arkitekturen og dei andre elementa i salen. I eit brev til Utsmykkingsfondet skriv Torvund: «Det er kva salen vert bruka til som har vore mitt utgangspunkt for innhaldet. Møte, førelesing, konsert, kongeleg vitjing. Dette gav ein del ord som eg ville forhalda meg til, slik som: verdigheit, historie, sakral, rytme. Det kjennest også rett at denne utsmykkinga ‘respekterer’ det strenge ved rommet, og innanfor si eiga ramme fortel ei historie som inneheld både alvor og sprell.»

Else Marie Jakobsen (1927–2012, Kristiansand) er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo (1946–51) og seinare ved De Knipscheer i Nederland (1950). Motivkrinsen hennar inneheld gjerne religiøse og politiske emne og problemstillingar. Jakobsen har laga om lag 600 bildeteppe. Eit av hovudverka hennar er Den røde tråd (1981) i Realfagbygget ved Universitetet i Bergen. Bildeveven, som dekker heile 90 kvadratmeter, er den største i Noreg.

Gunnar Torvund (f. 1948, Jæren) er utdanna ved Det Kongelige Kunstakademi i København  (1968–70) og seinare ved Statens kunstakademi i Oslo (1970–72). Torvund har sidan 1970-åra vore ein av dei mest nyskapande bildehoggarane i Noreg og arbeider også med måleri. Mellom utsmykkingsoppdraga hans finst fleire altartavler og bidraget til Mortensrud kirke.

Detaljer

Adresse

Kongsgårds gate 1b, 7013 Trondheim

Fylke

Trøndelag

Kunstnere

Else Marie Jakobsen
Gunnar Torvund

Ferdigstilt dato

11.08.1997

Prosjektansvarlig

Arild H. Eriksen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Roar Wold
Halvdan Ljøsne

Arkitektkontor

Eggen Arkitekter

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk