Den norske ambassaden i Helsingfors

Den norske ambassaden i Helsingfors er nyleg rehabilitert, og kunstsamlinga i bygget er utvida med to nye verk av fotografane Torbjørn Rødland (NO) og Elina Brotherus (FI).

 

Om prosjektet

Den norske ambassaden ligg på Eira, ein ambassadebydel sør for Helsingfors. Bygget frå 1964 er teikna av Stavanger-arkitektane Eyvind Tor Ragnar Retzius og Svein Bjoland, som står bak ei rekkje byggverk i Stavanger og elles på Vestlandet, mellom anna Olavgården ved Breiavatnet og Kuppelhallen i Bjergsted. Ambassaden i Helsingfors er bygd i tidstypisk stil, med flatt tak og reine liner.

Representasjonsdelen til ambassaden er eit viktig utstillingsvindauge for Noreg og norsk kultur, kunst og design. Kunsten i ambassaden er òg ein samtalestartar på ein stad der samarbeid og dialog står sentralt. Valet av ein norsk og ein finsk kunstnar frå same generasjon understrekar nærleiken mellom dei to landa. Av Torbjørn Rødland er verket Shadow Work no. 2 (2014) kjøpt inn. Bildet blir plassert i avsatsen i trappeoppgangen mellom fyrste og andre etasje, der besøkande som skal til representasjonsdelen, passerer. Rødland sitt kunstnerskap karakteriserast ofte ved ei kjensle av ubehag og mystikk i tilsynelatande banale og kvardagslege motiv. Bilda er som regel sett i scene og stiller gjerne spørsmål om kva eit fotografi eigentleg er. Bildet som er valt ut, markerer ei nyorientering i motiv og uttrykk for kunstnaren, mot det meir formale og abstrakte.

Fotografiet Another home (2011) av Elina Brotherus er kjøpt inn til trappeoppgangen ved inngangen til representasjonsbustaden. Brotherus arbeider i likskap med Rødland med fotografi som er sett i scene. Ho blir rekna som ein representant for den såkalla «Helsinkiskulen», eit miljø for fotografi som voks fram midt på 1990-talet. Dei tidlege verka hennar er forankra i dokumentartradisjonen og består gjerne av sjølvportrett, men dei siste åra har ho vendt merksemda mot menneskekroppen og naturen. Bildet Another home er henta frå serien Artist and her Model, og fotografen er sjølv modell i bildet, som viser eit velkjent kunsthistorisk motiv: kvinne vend mot vindauget. Eit gulaktig lys strøymer ut frå rommet og blir forsterka og understreka av ei slyngplante dekt av fiolette blomar. Bildet kan vekke assosiasjonar til 1900-talsmålarane sin fascinasjon for den lyse nordiske sommarnatta.

Bakgrunnen for innkjøpet av to nye verk er at ambassaden har vore gjennom ei omfattande rehabilitering for å oppfylle krava til universell utforming. Ambassaden har allereie ein del kunst, mellom anna grafiske blad av Edvard Munch og verk av Henrik Sørensen, Nils Aas og Kira Wager. Nokre verk høyrer til Utanriksdepartementet, andre er lånt ut av Nasjonalmuseet i Oslo. Alle dei eksisterande verka heng i representasjonsdelen til ambassaden.

Detaljer

Adresse

Itäinen Puistotie 17, Helsinki, Suomi

Kunstnere

Torbjørn Rødland
Elina Brotherus
Kåre Kivijärvi

Ferdigstilt dato

01.05.2015

Kurator

Nora Ceciliedatter Nerdrum

Byggherre

Statsbygg

Mottakerinstans

Utenriksdepartementet

Arkitektkontor

ALA Architects

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk

Milepæler

10.10.2014


Oppstart

14.01.2015


Befaring

07.05.2015


Montering

11.05.2015


Gjenåpning av Ambassaden