Another home

Elina Brotherus

 

Om

Brotherus arbeider med fotografi som er sett i scene. Ho blir rekna som ein representant for den såkalla «Helsinkiskulen», eit miljø for fotografi som voks fram midt på 1990-talet. Dei tidlege verka hennar er forankra i dokumentartradisjonen og består gjerne av sjølvportrett, men dei siste åra har ho vendt merksemda mot menneskekroppen og naturen. Bildet Another home er henta frå serien Artist and her Model, og fotografen er sjølv modell i bildet, som viser eit velkjent kunsthistorisk motiv: kvinne vend mot vindauget. Eit gulaktig lys strøymer ut frå rommet og blir forsterka og understreka av ei slyngplante dekt av fiolette blomar. Bildet kan vekke assosiasjonar til 1900-talsmålarane sin fascinasjon for den lyse nordiske sommarnatta.

Detaljer

Datering

2011

Kunstner

Elina Brotherus

Kategori

Fotografi

Teknikk og materiale

Pigment blekkprint på Museo Silver Rag papir

Mål


Høyde: 90cm
Bredde: 135cm

Reference

KORO.006792