Akershus festning, armeens depot

Armeens depot ligg ved Kirkegata i Oslo og er ein av mange bygningar på Akershus festning som har vorte restaurert dei siste åra. Tre ulike tekstilkunstnarar har sett eit meir personleg særpreg på miljøet i bygningen og bidrege til å lyfte det ut av hemmeleghald og anonymitet.

Uklart paradis, av Inger Johanne Rasmussen. Fotograf: Knut Bry

Om prosjektet

Valet av kunst fall på verk av dei tre tekstilkunstnarane Marit Helen Akslen (NO), Anne-Line Iversen (NO) og Inger Johanne Rasmussen (NO). Akslen har produsert tre tekstilverk som heng i fellesområdet i fyrste etasje. Dei er laga av skjorter frå overskotslageret til det militære. Tittelen – og motivet – på eitt av dei er No Fear. Bokstavane er blåsne opp slik at dei fyller bildet, noko som gjev bodskapen eit insisterande, nesten manisk uttrykk. To andre tekstilarbeid av Akslen viser intrikate geometriske mønster bygd opp ved hjelp av ein kneppe- og veveteknikk. Når ein kjem tett på, blir utgangspunktet for verka – militærskjortene – godt synleg.

To store tekstil- og silketrykk av Anne-Line Iversen er plassert i fellesområdet i tredje etasje. I Stjerner 1 og Stjerner 2 dekkjer eit stjernemønster overflata på verka. Forma er abstrakt, samtidig som stjerna er eit velkjent motiv i ein militær kontekst og knytt til eit hierarkisk system med distinksjonar.

I fellesområdet i andre etasje finn ein bildeteppet Uklart paradis av Inger Johanne Rasmussen. Bildet, på vel to gonger tre meter, består av veva, tova og handfuga ullstoff. Motivet er ein slags festning eller innhegning som ei stor sky av ulike fargar stig opp frå. Uttrykket er abstrakt, men vi kjenner att mønsteret frå mellom anna det tradisjonelle blomsterbroderiet, som av Rasmussen er fortolka og framandgjort i eit flatt og pikselliknande uttrykk.

 

Detaljer

Adresse

0150 Oslo

Fylke

Oslo

Kunstnere

Anne-Line Iversen
Marit Helen Akslen
Inger Johanne Rasmussen

Ferdigstilt dato

01.07.2014

Prosjektansvarlig

, (fra 2014)
Mette Kvandal
Ruth Hege Halstensen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Laila Haugan
Hans Thorsen

Mottakerinstans

Forsvarets avdeling for kultur og tradisjon (FAKT)

Arkitektkontor

Longva Arkitekter AS

Byggherre

Forsvarsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for ansatte

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk

Milepæler

22.03.2011


Første møte

13.12.2011


Kunstplan godkjent

11.06.2014


Brukeravtale undertegnet