UiA Universitetet i Agder, campus Grimstad

Ved Campus Grimstad er det utstilt verk av framståande norske kunstnarar. Fleire er omplassert frå andre bygg ved Universitetet i Agder.

(uten tittel), Ronald Jakobsen. Fotograf: Fredrik Qvale / KORO

Om prosjektet

Det hender at kunstverk laga til offentlege bygg må flyttast på grunn av riving, ombygging eller nye eigarar. Slik fekk Campus Grimstad i 2012 ei rekkje kunstverk frå andre bygg ved Universitetet i Agder.

Den mest kjende kunstnaren i kunstsamlinga er Kjell Nupen (1955–2014). Oljemåleriet Stort panorama måla han i 1984 til Statens gartnerskole, Dømmesmoen. Det er halde i svart og blått og liknar eit sjølandskap rett før solnedgang. På campus finn ein også tre fargesterke Nupen-måleri utan tittel. Opphavleg var bileta del av eit triptyk laga for Agder ingeniør- og distriktshøgskole i 1992. No lyser dei opp kvar sin etasje i eit trapperom.

Irma Salo Jæger (f. 1928) er vidgjeten for abstrakte måleri kor ho utforskar korleis fargar påverkar kvarandre. Då Fylkesmannen i Vest-Agder (Entra) flytta inn i bygget som tidlegare husa Høgskolen i Agder i Kristiansand, overtok dei også all lauskunst. Etter ønske frå Irma Salo Jæger blei hennar to måleri bytta ut med Om Aiolos (2004), som blei plassert i Campus Grimstad. Det abstrakte verket spelar på kontrastar mellom ein dramatisk raudfarge og ei luftig, blå form samt vinklar og linjer som skaper både balanse og dynamikk.

I personalkantina er ei samling keramikkarbeid av Tor Alex Erichsen utstilt, opphavleg laga til Agder ingeniør- og distriktshøgskole. To store, golvståande krukker, fire mindre krukker og eit vegghengt fat har titlar etter motiv frå naturen: Landskap, Slyngplante, Elg, Fugl, Grantrær, Orrfuglleik og Skog. Motiva er gjentekne slik at dei på avstand liknar abstrakte mønster.

Samlinga omfattar også trearbeid av Arnfinn Haugen, oljemåleri av Leonard Rickhard og Ronald Jakobsen, akvarell av Kari Hunsager, blyantteikning av Per Kristian Larsen og tekstilarbeid av Kari Stiansen.

Se prosjektene her:

Statens gartnerskole, Dømmesmoen

Agder ingeniør- og distriktshøgskole, Dømmesmoen

Agder ingeniør- og distriktshøgskole, Dømmesmoen

Detaljer

Adresse

Jon Lilletunsvei 9, 4879 Grimstad

Fylke

Agder

Kunstnere

Kari Hunsager
Tor Alex Erichsen
Arnfinn Haugen
Ronald Jakobsen
Irma Salo Jæger
Per Kristian Larsen
Kjell Nupen
Leonard Rickhard
Kari Stiansen

Ferdigstilt dato

01.12.2012

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg