Ålesund trafikkstasjon

Då Ålesund trafikkstasjon vart utvida, ønskte dei tilsette seg fleire av Ørnulf Opdahls monumentale landskapsmåleri på veggane.

Horisont, av Ørnulf Opdahl. Fotograf: KORO

Om prosjektet

Vi må alle til trafikkstasjonen når vi skal ta teoriprøva for førarkort, gjennomføre den praktiske førarprøva eller fornye førarkortet. På trafikkstasjonen blir også køyretøy kontrollerte, som eitt av fleire tiltak for å betre tryggleiken i trafikken.

På grunn av sprengd kapasitet vart Ålesund trafikkstasjon i 2014 bygd ut med nye garasjeplassar, lager og areal til tekniske installasjonar. I tillegg vart kantinen utvida. Etter utbygginga har trafikkstasjonen arbeidsplassar til 59 tilsette.

Kunstprosjektet som vart gjennomført i samband med utbygginga, resulterte i innkjøp av to oljemåleri av Ålesund-kunstnaren Ørnulf Opdahl (NO). Dette var etter ønske frå dei som arbeider ved trafikkstasjonen.

Vintervei (2014) er 50 x 60 cm stort og viser hjulspor gjennom eit snødekt landskap. Utsikta er mot noko ein berre anar som eit mørkt kystlandskap under ein raudnande himmel.

Måleriet Horisont (2014) er mørkt og monumentalt med eit format på 55 x 185 cm. Motivet er eit vidstrekt nattlandskap der skiljet mellom hav og himmel blir markert av tre snødekte og låge, nesten lysande holmar.

Ørnulf Opdahl (f. 1944) er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og Statens kunstakademi, kor han også var professor i perioden 1985–92. Studiar av figurar og landskap står sentralt i måleria og litografia til Opdahl, og særleg arbeida med kystlandskap har gjort at han har blitt omtala som ein stor romantikar i norsk samtidskunst.

Detaljer

Adresse

Vestre Olsvikveg 13, 6019 Ålesund

Fylke

Møre og Romsdal

Kunstner

Ørnulf Opdahl

Ferdigstilt dato

28.08.2014

Prosjektansvarlig

Harald Fenn
Dag Wiersholm

Byggherre

Statsbygg

Mottakerinstans

Statens vegvesen - region midt

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk