KORO sitt kuratorteam har allereie sett i gang eit forprosjekt med den norske kunstnaren Ask Bjørlo.
KORO sitt kuratorteam har allereie sett i gang eit forprosjekt med den norske kunstnaren Ask Bjørlo i tilknyting til byggjetrinn to i det nye regjeringskvartalet. Foto: Jan Khür – Abrakadabra Studio 2025 / KORO.
,

Nye kunstprosjekt til regjeringskvartalet

KORO held fram arbeidet med nye kunstprosjekt til regjeringskvartalet, som går over i andre fase i tilknyting til byggjetrinn to. Første forprosjekt er allereie i gang.

I mai 2025 fekk KORO oppdragsbrev frå Statsbygg om å starte arbeidet med kunst til byggjetrinn to i regjeringskvartalet. Byggjetrinnet inkluderer oppføringa av C-blokka, utviklinga av regjeringsparken og rehabiliteringa av den ærverdige G-blokka frå 1906, som husar Finansdepartementet.

Første forprosjekt er allereie i gang

Sidan oppstarten i 2019 har KORO utarbeidd ein overordna kunststrategi og ein detaljert kunstplan for det nye regjeringskvartalet. No blir kunstplanen vidareutvikla med dei nye områda i byggjetrinn to. C-blokka, som blir ført opp bak Høgblokka, vil til dømes få eit inngangsparti med ein framståande betongvegg som vil vera godt synleg frå Grubbegata. Her har kuratorteamet allereie sett i gang eit forprosjekt med den norske kunstnaren Ask Bjørlo.

Bildegalleri: Ask Bjørlo er i tett dialog med kuratorteamet, og utforskar ulike garnkvalitetar og fargeteknikkar. Foto: Jan Khür – Abrakadabra Studio 2025 / KORO.

Bjørlo rettar den kunstnariske praksisen sin mot tekstile handverkstradisjonar som veving, broderi og blonder. I tett dialog med kuratorteamet utforskar han moglegheitene som ligg i rommet, men også i tekstilet. Ulike garnkvalitetar blir undersøkte og fargeteknikkar blir testa. Forprosjektet utgjer ein sentral del av det innleiande arbeidet med å definera retninga for prosjektet, før det går vidare til produksjonsfasen.

Vegen vidare

Byggjetrinn to markerer ikkje berre nye kunstprosjekt, men også ei vidareføring av det kuratoriske arbeidet. KORO er glade for å ønskja Helga-Marie Nordby velkommen som ny kurator i teamet, saman med seniorkurator Drew Snyder, som har vore i KORO sidan 2021. Med lang og solid kuratorisk erfaring vil Nordby ha ei sentral rolle i utviklinga av arbeidet framover. Arbeidet omfattar mellom anna den nye Regjeringsparken: eit område som i større grad vil venda seg til offentlegheita enn det byromma rundt regjeringsbygga vil gjera.

«Eg er veldig glad for at Helga-Marie Nordby kjem inn i prosjektet no. Medan Drew Snyder som har lang fartstid i prosjektet kan ta vare på dei lange linjene, vil ho bidra med nye refleksjonar og eit friskt blikk på rolla til kunsten i eit nytt regjeringskvartal.»

Nora Ceciliedatter Nerdrum, sjefskurator og leiar for kunstseksjonen i KORO

Ei nyetablert kunstsamling

Ei rekkje ulike kunstverk inngår i kunstprogrammet for det nye regjeringskvartalet. Under arbeidet med byggjetrinn éin, har KORO produsert fleire nye sentrale kunstverk som bygolvet av Jumana Manna og Damla Kilickiran sine ti store relieff på A-blokka. Den folkekjære skulpturen Grass Roots Square av Do Ho Suh har fått ny plassering på Einar Gerhardsens plass, etter det vart flytta frå den tidlegare plasseringa si ved R6 i Teatergata 9 i Oslo. KORO hjalp òg til med faglege råd i samband med omplasseringa av Fiskerne, som er teikna av Pablo Picasso og utført av Carl Nesjar.

Kunst som har hange i dei ulike departementa har vorte systematisk registrerte og konserverte, og i løpet av hausten blir ei rekkje av desse installert saman med både nye og eldre kunstverk frå KORO i det såkalla samhandlingsstrøket. Saman dannar dei Departementa si kunstsamling: ei nyetablert samling midt i sentrumet av makta.

Kunstsamlinga samlar nærare 300 kunstverk av over 100 norske og internasjonale kunstnarar. Mellom dei historiske verka finn me Hannah Ryggen sitt Me lever på ei stjerne frå 1958. Tekstilarbeidet blir rekna som eit av Ryggen sine hovudverk, og vart laga på oppdrag frå arkitekt Erling Viksjø til vestibylen i Høgblokka. Veggteppet har vorte eit symbol på skadane som vart påførte kunsten under terrorangrepet, og med sitt synlege «arr» har det fungert som ei leiestjerne i det kuratoriske arbeidet. Det skal gå gjennom ei grundig konservering, og får ny heim i D-blokka saman med andre tekstilverk av kunstnarar som Elise Storsveen og Hilde Skancke Pedersen.

Eit anna tekstilverk, Mot lyset av Ann Rasmussen, kjent som det iaugefallande bakteppet i NRK sin populære tv-serie Makta, får ei staseleg plassering i den gamle statsrådssalen i Høgblokka. Forutan tekstilarbeid og nye produksjonar, inkluderer samlinga også nye innkjøp. Mellom anna 15 skulpturar frå Ahmed Umars serie Glowing Phalanges og Marius Engh sine folketomme fotografi av ein forfallen bydel med tittel Kjent av mange og ingen (Arne Garborgs plass).

Kunstprosjekta i byggjetrinn to følgjer Statsbygg framdriftsplan, og blir ferdigstilte mot slutten av 2029. Følg med på KORO sine nettsider og meld deg på nyheitsbrevet for å følgja prosessen vidare.

Relaterte artikler:

Var dette nyttig?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.

Lukk