Ny direktør i KORO: Med sjela i kunsten
Den nye direktøren Karianne Kampevold Sætre er på plass i KORO sine lokale i Victoria terrasse 16. mars. Vi har tatt ein liten prat før første arbeidsdag.
Sætre utstråler ro, og bak roa skjuler det seg eit menneske med boblande overskot. Ho er ikkje fødd og oppvaksen i Bergen for ingenting.
Det er ikkje lett å høyre at Sætre kjem frå Bergen. Etter 30 år på Austlandet har ho mista det karakteristiske tonefallet. Ho meiner sjølv at det handlar om at ho er sosialt tilpassingsdyktig.
Sætre er den første direktøren i KORO som er utdanna biletkunstnar. Ho har sin utdannelse i fotografi frå Kunsthøgskolen i Bergen og har arbeidd med leiing i Oslo kommune dei siste 16 åra. Ho kjem frå stillinga som konstituert avdelingsdirektør for kunst i Kulturetaten.
Kva slags leiar er du? Og kva for utfordringar ser du for deg?
– Bakgrunnen min som kunstnar har gitt meg ei grunnleggande forståing for det kunstnarar står i. Men eg bestemte meg tidleg for ikkje å bli utøvande kunstnar, så erfaringa frå arbeid i kunst- og kulturfeltet pregar meg nok meir. Som leiar ser eg på meg sjølv som ein moderator. Eg er opptatt av å skape eit miljø der alle skal kjenne seg trygge og få tillit til å gjere jobben sin på best mogleg måte, seier ho.
– Utfordringa i denne jobben er å lose KORO stabilt inn i framtida og gi organisasjonen rom til å utvikle seg.
Kunst i kvardagsromma
Kunsten i regjeringskvartalet er nesten ferdig montert. Dette er det største kunstprosjektet til KORO noko sinne. Nyetablerte Departementenes kunstsamling har rundt 300 verk.
Kan dette prosjektet bidra til å gjere KORO meir synleg?
– Ja, det trur eg. Dette er ei satsing på kunst av høg kvalitet i eit symboltungt område. Mange menneske arbeider i regjeringskvartalet, og mange passerer og går gjennom det. Kunsten skaper rom for samtaler og meiningsutveksling – det er i desse mellomromma vi møtest. Det er også morosamt at verket AAhkA av Outi Pieski allereie ser ut til å ha blitt eit landemerke.
For Sætre er dei små prosjekta like viktige. Det er i dei offentlege romma kvardagslivet vårt utspelar seg. Vi møter kunsten i ulike fasar i livet og på stader som pregar oss – på utdanningsinstitusjonar, på sjukehus, i seremonirom og i fengsel. Ikkje alle stader er opne for alle eller mange. Ein stor del av kunsten i regjeringskvartalet er for eksempel berre tilgjengeleg for dei som arbeider der, og for eksterne gjester. Dei store kunstverka i uteromma er for folk flest.
Finst det eit kunstverk i offentlege rom som betyr noko ekstra for deg?
– Det er mange kunstverk eg set høgt, men eit verk eg har lyst til å nemne, er Minnested for snøen av Runa Sandnes, seier ho, og legg til at verket finst i kunstsamlinga til Oslo kommune.
– I den bratte skråninga opp frå grasplenen på Ola Narr låg ein av dei 350 hoppbakkane i Oslo i gamle dagar. I dag er det ikkje lenger nok snø til at hoppbakkane kan brukast, og talet på hoppbakkar i Oslo er redusert til tre. Til minne om historia, og som ei konkret påminning om dei menneskeskapte klimaendringane med mildare vintrar, har Sandnes laga eit blomsterbed med kvite lokale blomar der unnarennet låg. Det er eit uventa og vakkert inngrep i lokalmiljøet som vekker nysgjerrigheit.

Kanskje snakkar dette kunstverket ekstra til henne fordi ho har hage heime på Hvalstad i Asker. Da ho fylte 50 år, skaffa ho seg eit drivhus.
– Det å dyrke gir ei eiga kjensle av kontemplasjon, seier ho.
Ny energi
KORO har ei samtidskunstsamling på over 9000 verk. KORO har eksistert i snart 50 år, og med tida har mange verk fått eit aukande behov for forvaltning. Det er mottakarane av kunsten som er ansvarleg for den daglege ivaretakinga, og KORO har eit overordna forvaltningsansvar for samlinga.
Korleis ser du på KORO sitt arbeid med samlinga?
– Oppdraget vårt er både å skape ny kunst og å ta vare på den kunsten vi har. Vi skal sørge for at kunsten er i bevegelse. Den skal utvikle seg, forskast på og formidlast. La oss ta eit eksempel: Verket I flokk letter fuglene av Irma Salo Jæger blei laga til Statens kontorsenter på Helsfyr i 1985. Det består av 300 element i glasert steingods, og etter å ha ligge i ro i magasinet til KORO nokre år har det no fått plass i representativ spisesal øvst i A-blokka i regjeringskvartalet. Eit utval av elementa er sett saman til ein ny komposisjon i tett samarbeid med Salo Jæger sjølv. Verket har ikkje berre fått ei ny plassering og kuratering, det vil også få eit nytt publikum, ein ny kontekst og ei ny meining. Når verk blir flytta, blir det skapt ny energi.
I magasinet til KORO er det litt under 1000 verk. KORO får stadig kunst i retur når organisasjonar flyttar, eller ved ombyggingar.
Tenker du at berekraft og ombruk er ein viktig dimensjon i kunstfeltet?
– Ja, det gjer eg. Vi skal produsere kunst som varer med tanke på relevans og haldbarheit, og den eldre kunsten treng kjærleik, seier Sætre. – Det er ein viktig balanse mellom å skape nytt ved å gi nye oppdrag til kunstnarar i dag, og sørge for at vi tar vare på verdien vi allereie har investert i.
I bevegelse
Karianne er gift og har to døtrer på 22 og 24 år. Familien er glad i å segle. Ho liker også vidda sommar som vinter.
– Både havet og vidda vekker uro og ro samtidig, ein dualitet vi ofte ber i oss. Eg er roleg, men også rastlaus. Eg liker å vere i bevegelse, seier ho.




