KORO med samisk språkplan
Hausten 2023 vedtok KORO ein plan for bruk av samisk språk. Vi har snakka med KORO sin direktør Sigurd Sverdrup Sandmo om dette.
Kva slags plan er det?
Reint praktisk er dette ein plan som seier noko om korleis KORO skal prioritere bruk av samisk språk i åra framover. I all hovudsak gjeld dette kommunikasjons- og formidlingsarbeid på nett, men òg til dømes skilting av verk der folk møter kunsten. Det er førebels ein nokså enkel plan, og gjerne eit første steg mot noko meir.
KORO er ei lita statleg verksemd utanfor det samiske språkområdet. Kvifor har vi laga ein slik plan?
KORO er ein liten etat med omsyn til talet på tilsette, men vi har ei viktig rolle som formidlar og forvaltar av samisk kunst, kultur og historie. Når KORO blir involverte i byggeprosjekt i Sápmi, har desse prosjekta som regel eit overordna samepolitisk siktemål om å løfte samisk språk og kultur. I slike prosjekt kan ikkje kunstproduksjonen sjåast uavhengig av det språkpolitiske.
I tillegg møter kunsten sjølvsagt eit samisk publikum. Så lenge formidlinga rettar seg mot folk i det samiske språkområdet, burde tekstar og anna formidlingsmateriale på samisk vere sjølvsagt. Her er vi inne på samelova sine retningsliner. KORO har følgd denne praksisen ei stund, men vi treng å systematisere han.
Så planen er avgrensa til å gjelde for samiske prosjekt i det samiske språkområdet?
Nei, vi har større ambisjonar enn som så. Vi har ein god del kunstverk av samiske kunstnarar også utanfor Sápmi som ikkje har vore formidla på samisk til no. Vi har òg verk av så stor offentleg verdi at vi bør tenkje på eit samiskspråkleg publikum også i formidlinga, uavhengig av om kunstnaren har samisk bakgrunn eller ikkje. Til dømes vil sentrale kunstverk i det nye regjeringskvartalet etter denne planen òg bli formidla på samisk.
Til sist vil eg seie at språkplanen er ei anerkjenning av det språkansvaret som følgjer av KORO som produsent, forvaltar og formidlar av samisk kunst. Planen er òg ei anerkjenningav den verdien det samiske kunstfeltet har for KORO sitt samfunnsoppdrag i Sápmi og i Noreg.
Her finn du nokre av KORO sine kunstprosjekt med samisk kunst:
Outi Pieski skal lage eit monumentalt kunstverk til det nye regjeringskvartalet i Oslo, og ho tar utgangspunkt i samisk historie, kultur og doudji i arbeidet. Les om AAkhA her.
Ä´vv Skoltesamisk museum ligg i Neiden i Finnmark. Geir Tore Holm har laga eit av dei første kunstverka ein møter på i museet, dørhandtaket Omasum.
KORO har ei stor samling av kunstverk signert Iver Jåks. Hos UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø finn ein til dømes fleire skulpturar av Jåks.
I 2022 opna Saemien Sijte, Sørsamisk museum og kultursenter på Snåsa. Tomas Colbengtson laga eit kunstverk til museet, sterkt forankra i sørsamisk historie, mytologi og natur.
Sámediggi – Sametinget i Karasjok har fleire kunstverk av betydning. Luottat – Spor , blei laga til Plenumssalen av kunstnaren Hilde Skancke Pedersen i 2000.
Samisk språkplan kan du lese her på norsk og her på samisk.