Ein kollektiv kunstplan
Planleggingsdokumentet til det nye Vikingtidsmuseet er eit kunstnarisk verk i seg sjølv, utforma av dei fem kunstnarane i prosjektet.
Kunstplanen er eit sentralt dokument i alle kunstprosjekta til KORO. Planleggingsdokumentet blir vanlegvis forfatta av kurator(ane) i prosjektet, og inneheld fakta om bygget som kunsten blir ein del av, kuratorisk konsept, valde kunstnarar, namn på samarbeidspartnarar og involverte frå KORO, framdriftsplan og budsjett.
I arbeidet med kunstprosjektet til det nye Vikingtidsmuseet på Bygdøy har kuratorane Mechu Rapela (Tenthaus) og Drew Snyder (KORO) eksperimentert med både struktur og format.
– Etter at vi fekk oppdraget i 2021, gjekk vi inn i ein researchperiode. Vi las mykje, besøkte utstillingar med vikinggjenstander, var på synfaringar på byggeplassen og snakka med fagfolk som var involverte i planlegginga av museet. Spesielt interessante var samtalene med arkeologane. Dei skildra korleis forskingsfeltet deira er prega av stadige endringar, både på grunn av teknologiske framsteg og fordi nye funn ofte skaper nye mysterium eller opnar for andre perspektiv på historia og fortida, seier kuratorane.
– Dette inspirerte oss til å nærme oss prosjektet gjennom å skape ei slags stabil plattform for kunnskap og følelsar, som elles er i bevegelse.
I staden for å begynne med ein kunstplan utforma dei ein kunststrategi. Her foreslo dei å involvere ei gruppe kunstnarar tidlegare enn vanleg, allereie frå starten av, som eit kollektivt fundament for ei kompleks vikingtidshistorie.
Carola Grahn, Sigrid Espelien, Germain Ngoma, Jim Særnblom og Shubhangi Singh blei inviterte inn i prosjektet. Dei blei valde ut frå korleis praksisen deira kunne forhalde seg til, eller utvide, dei skisserte kjernekonsepta til kuratorane: materialbasert praksis, vikingtida si historiske rolle i bygginga av moderne fellesforteljingar, og idear rundt det framtidige museet.
Saman har dei fem kunstnarane laga ein kunstplan for det nye Vikingtidsmuseet. Planen er dessutan eit kunstverk i seg sjølv.
– Vi utfordra den tradisjonelle kunstplanforma ved å sjå på prosessen som ein integrert del av kunstverket snarare enn berre eit middel for planlegging. Vi fekk gjennomslag for ideen ved å vise korleis dei tidlege fasane med idéutvikling, diskusjonar og eksperimentering gir innsikt i verket før det får si endelege form. Dette opnar for at publikum kan følge utviklinga til prosjektet og delta i ei breiare samtale om vikingtida og kva for relevans den har i dag, seier Rapela og Snyder.
Inspirerande og utfordrande
Den alternative kunstplanen består av opne, ufiltrerte dialogar mellom kunstnarane, skisser, dikt, innblikk i WhatsApp-samtaler mellom kunstnarane og kuratorane, mobilbilde av synfaringar og visuell dokumentasjon av fysiske og digitale møte.
Dei fem kunstnarane kjende kvarandre ikkje noko særleg frå før, og kunstplanen viser korleis eit samarbeid kan oppstå. Som gruppe har dei funne fram til ei arbeidsform kor dei har halde på sin eigen praksis samtidig som dei har samarbeidd.
– Å jobbe med kunstplanen for Vikingtidsmuseet har vore både kreativt og inspirerande, seier bildekunstnar Germain Ngoma.
– Vi kom alle til prosjektet med idear om kva vi ønskte å lage, men vi trong tid til å gjere ideane klarare og få dei til å henge saman. Gruppa var svært viktig og fungerte som ei stor kjelde til inspirasjon. Her kunne vi diskutere alt som var knytt til vikingtidsprosjektet, inkludert idear, problem og løysingar for kvart individuelle kunstprosjekt. Som kunstnarar bør vi vere opne og sjenerøse med idear for å inspirere andre, seier Ngoma.
«Nå om dagen forsøker eg å gå meir inn i detaljane i prosjektet. Som dimensjonane på det underjordiske rommet. Og om berggrunnen kan brukast som golv. Berggrunnen på museumsområdet er ordovicisk skifer og knollekalk, og slik eg forstår det, er det fossilisert marin leire frå rundt 450 millionar år sidan. Og kalkkulene er frå skjeletta til sjødyr frå den tida. Det ville vore fantastisk å ha den ‘unge’ leira frå den siste istida ved sida av denne gamle slektningen, ikkje sant?»
Sigrid Espelien i dialog med Germain Ngoma i kunstplanen for det nye Vikingtidsmuseet.
Bildet er frå byggeplassen til det nye Vikingtidsmuseet, mars 2022. Foto: Sigrid Espelien
Å dele idear på eit veldig tidleg stadium i den kunstnariske prosessen var både utfordrande og skremmande i byrjinga, synest forfattar og bildekunstnar Jim Særnblom.
– Ego og stoltheit måtte tre til sida, og fokuset var på å sjå dei andre, sjå for seg prosjekta deira, sjå forbindelsen til museet, bakgrunnen og kunstpraksisen deira – å finne eit felles grunnlag og forstå forskjellane, seier Særnblom.
I kunstplanen har han skrive ein tekst til kvart av kunstprosjekta som blir presentert. Her koplar han sine eigne tankar om prosjekta til historia og essensen av vikingtida.
– Samtidig ville eg lyfte fram alle dei ulike prosjekta våre i kvar enkelt tekst. Det viste seg å vere enkelt. Eg trur det må ha vore fordi vi jobba så organisk som gruppe og som individ over ein så lang periode. Tid har ein tendens til å knyte ting saman.
«Nokre gonger føler eg at magien i ein idé er borte etter at den er blitt definert og analysert i ein kunstplan. Det er som om eg allereie har laga den i hovudet, utan den faktiske gleda og erfaringa knytt til sjølve prosessen. Eg veit ikkje korleis eg skal unngå det og framleis få betalt! Eg skulle ønske eg berre kunne seie ‘Eg veit ikkje, men stol på meg, det vil bli fantastisk!’ Haha.»
Carola Grahn i dialog med Shubhangi Singh i kunstplanen for det nye Vikingtidsmuseet.
Bildet viser kunstnarar og kuratorar på synfaring på det gamle Vikingskipmuseet på Bygdøy. Foto: kunstnargruppa
Ein ny veg til offentleg kunst
Kunstplanane til KORO er som oftast digitale dokument. Kunstplanen til det nye Vikingtidsmuseet blir trykt opp i fysisk format for å skape ein handfast visuell reiskap som kan fungere som både eit strategisk dokument og ein kunstnarisk manifestasjon, ifølge kuratorane. Bokomslaget blir unikt, laga av leira frå museumstomta.
– Den fysiske utgåva gir ein følelse av noko varig og handgripeleg, noko som kan bidra til å gjere planen synlegare og viktigare i dialog med institusjonar og publikum. Planen er primært laga for Vikingtidsmuseet og KORO, offentlege styresmakter, kuratorar, kunstnarar og andre fagpersonar som er involverte i prosessen.
Kunstnarane jobbar nå med å utvikle kunstprosjektet vidare.
– Frå eit kuratorperspektiv ser vi organisasjonsstrukturen til og innhaldet i prosjektet som to sider av same sak. Vi ser på kollektive former som ein spennande måte å jobbe med historie på, spesielt ei historie som har vore grunnleggande for konstruksjonen av nasjonal og kollektiv identitet i Noreg, slik vikinghistoria har vore, seier Snyder og Rapela.
– For oss er dette ei inspirerande oppfordring til å forske meir på kritiske metodologiar for utforminga av statlege, offentlege kunstprosjekt, men også for korleis gruppearbeid og individuelle praksisar kan eksistere saman på nye måtar. Vi ser fram til korleis desse dynamikkane vil utfalde seg fram til museet blir opna om nokre år.
Om kunstnarane
Sigrid Espelien (f. 1984) frå Gjøvik er ein prosesskunstnar som arbeider med lokal leire som medium og samarbeidspartnar. Ho har undervist ved Kunsthøgskolen i Oslo, kor ho for tida er doktorgradsstipendiat i kunstnarisk forsking. Ho er utdanna ved glas- og keramikkskulen på Bornholm, Danmark og ved Cranbrook Academy of Art i Michigan, USA. Espelien er representert i samlinga til KODE museum i Bergen.
Carola Grahn (f. 1982) er ein samisk bildekunstnar fødd i Jokkmokk, Sverige. Ho er kjend for det tematiske og idébaserte arbeidet sitt, ofte utført i store prosjekt som involverer materialisering av tekst, installasjonsteknikkar og skulpturelle medium. Ho har ein mastergrad frå Kungliga Konsthögskolan, og arbeida hennar finst i samlingane til mellom anna Moderna Museet i Sverige, Mercedes-Benz Art Collection Berlin, Public Art Agency Sweden og Konstmuseet i Norr.
Germain Ngoma (f. 1953) er født i Zimbabwe og begynte den kunstnariske karrieren sin i Lusaka, Zambia, tidleg på 1970-tallet. Han flytta til Oslo for å studere kunst ved Statens kunstakademi i 1982. Skulpturane hans peikar ofte tilbake til oppveksten, der objekt hadde avgrensa levetid. Nokre objekt kunne ein lage og bruke på nytt, mens andre blei verdilause. Val av materiale og prosess speglar dette. Arbeida til Ngoma er blitt utstilte i Noreg, Sverige, Tyskland, Storbritannia og Zambia.
Shubhangi Singh (f. 1984) bur og jobbar i Helsingfors, Finland. Ho nyttar ofte eksisterande kunnskap for å adressere bevegelse, identitet og spørsmål relatert til kroppen og kroppen sitt forhold til miljøet. Ho jobbar på tvers av medium, frå tekst til bilde i bevegelse og stadspesifikke installasjonar, og har vist arbeida sine på mellom anna Whitechapel Gallery i London, Oulu Art Museum i Finland og den internasjonale filmfestivalen i Kerala, IDSFFK. Singh er utdanna ved Aalto-universitetet.
Jim Særnblom (f. 1977) frå Oslo har ein mastergrad i bildekunst frå Statens kunstakademi. Han debuterte som forfattar med boka TRANS i 2022, som blei stilt ut på Nasjonalmuseet. Som ein av få norske forfattarar som skriv frå eit LHBTQ+-perspektiv, ønsker han å utvide språket og bryte med stereotypiske forventningar til representasjon. For tida bur Særnblom på ei øy i Lofoten, der han arbeider med skulptur og underviser i skriving ved Filmkunstskolen i Kabelvåg.