
KORO søkjer utvalsmedlemmer
Vil du vera med å vurdera kva kunstprosjekt som skal få støtte frå KORO si prosjektstøtteordning for kunst i offentlege rom?
KORO si Lokalsamfunnsordning (LOK) har som formål å stimulera til produksjon og formidling av kunstprosjekt i offentlege rom og bidra til utvikling innan fagfeltet.
Me søkjer etter:
- To medlemmer til utvalet som vurderer søknader frå kommunar og fylkeskommunar.
- To medlemmer som vurderer søknader frå kunstnarar og kuratorar.
Oppdraget består i å vurdera søknader og utarbeida ei grunngjeven innstilling i samarbeid med fagpersonar frå KORO. Arbeidsmengda blir berekna til cirka to arbeidsveker pr. år. Største delen av arbeidet skjer i februar/mars. Oppdraget blir honorert i samsvar med gjeldande konsulentsats, som for tida er kr 860,- pr. time.
I samansetninga av utvalet blir det lagt vekt på at kunnskapen til medlemmene til saman representerer eit kompetansemangfald innan fagfeltet kunst i offentlege rom. Medlemmene i utvalet må vera godt orienterte om nasjonal og internasjonal samtidskunst. Det er ein fordel om søkjarane har erfaring med produksjon av kunst i offentlege rom.
Kort motivasjonstekst og CV skal sendast til post@koro.no innan 9. desember 2026
Les flere aktueltsaker fra KORO
Var dette nyttig?
Takk for din tilbakemelding!
Takk for din tilbakemelding!
Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.


