
Kunst på Campus Bergen
Utgiver: KORO
Utgitt: 2020
Sider: 218
Språk: Norsk og engelsk
ISBN: 78 82 93033 19 6
Allereie i 2010 starta arbeidet med kunsten på Høgskulen på Vestlandet, Campus Bergen på Kronstad.
Då var første byggetrinn under oppføring i tilknyting til dei tidlegare verkstadlokala til Noregs statsbanar. Då andre byggetrinn blei ferdig hausten 2020, var ein ti år lang prosess tilbakelagt.
Saman med arkitektar, byggherre og representantar for høgskulen har kuratorane Sissel Lillebostad og Trond Hugo Haugen, oppnemnt av KORO, og kunstutvalet diskutert seg fram til kva for grep som ville eigne seg i bygga som var under oppføring. Deretter følgde arbeidet med å få inn kunst gjennom utlysing av konkurransar, invitasjonar og innkjøp. Kunstnarane som har laga verk på oppdrag, har arbeidd med dei aktuelle romma for auge. Dei har sett seg inn i konteksten og skapt eit uttrykk som eit kunstnarleg svar til akkurat denne situasjonen.
Kvardagen på ein travel høgskule handlar om veldig mykje anna enn å sjå på kunst. Og sjølv om den offentlege kunsten kan vere omgitt av menneske på alle kantar, kan den risikere å bli oversett. Ein kan gå forbi eit kunstverk i fleire år utan å legge merke til det eller bli så van til det at ein rett og slett sluttar å sjå verka. I slike situasjonar kan kunsten trenge peikarar. Noko som seier: Sjå her.
Denne boka er ein slik peikar. Den viser kunsten som er på Campus Bergen, og fortel om planlegginga av den. I ein lengre tekst får vi tankar bak utvalet av kunstnarar og plassering av verk og om dei premissane kunstnarane fekk å arbeide innanfor då dei laga verka.
Boka gir òg eit innblikk i dei ulike kunstverka gjennom tekst og bilete. Tanken er at du, enten du er student, tilsett eller gjest, skal få lyst til å rive deg laus frå dine daglege gjeremål og rette merksemda mot kunsten som er i bygga kor du arbeider, eller som du besøker.
Redaktør: Ingvill Henmo
Redaksjonsgruppe: Trond Hugo Haugen, Sissel Lillebostad og Pernille Skar Nordby
Var dette nyttig?
Takk for din tilbakemelding!
Takk for din tilbakemelding!
Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.