
Å digitalisere historia
Kvart einaste sting i det monumentale tekstilverket Historjá av Britta Marakatt-Labba er nå dokumentert digitalt. Formålet er å beskytte og bevare kunstverket med teknologi som opnar for nye måtar å studere, formidle og oppleve verket på også for ettertida.
I konserveringsatelieret på Blindern, Universitetet i Oslo, har eit lite team frå det Madrid-baserte firmaet Factum Arte jobba med å skanne kvar einaste mikroskopiske detalj i det 24 meter lange broderte tekstilverket Historjá. Over ein periode på tre veker er fargar, teksturar og strukturar på både framsida og baksida blitt skanna i ulike lag og sett saman til det som blir den digitale reproduksjonen av verket. Firmaet har spesialisert seg på denne typen arbeid, og er i Oslo på oppdrag frå UiT Norges arktiske universitet og KORO.
Arbeidet skal sikre ein detaljert dokumentasjon av verket, og opnar for nye måtar å studere og formidle det på – utan at ein handterer det faktiske kunstverket fysisk.
UiT førebur heimkomsten
Historjá blei opphavleg laga til UiT Norges arktiske universitet i Tromsø på oppdrag frå KORO og har sidan 2007 hengt på universitetet. Britta Marakatt-Labba jobba med verket mellom 2003 og 2007, og har henta inspirasjon frå oppveksten i ein reindriftsfamilie, og broderte motiv frå samisk historie, religion og kvardagsliv. Dei små stinga fortel om landskap, jakt og fiske, om Kautokeino-opprøret, vald og flytting.
Verket blei vist på samtidskunstutstillinga documenta 14 i Tyskland i 2017 og bidrog til at Marakatt-Labba fekk sitt internasjonale gjennombrot. I dag blir ho rekna som ein av dei fremste tekstilkunstnarane i Sápmi og Norden.
Vanlegvis heng verket i det som kallast Solhallen i Teorifagbygget sentralt på UiT, men sidan 2023 har Historjá vore på reise. I 2024 blei det vist på Nasjonalmuseet i Oslo i den store retrospektive utstillinga til Marakatt-Labba, Sylkvasse sting, før verket reiste vidare til samtidskunstmuseet KIN i Kiruna og Moderna Museet i Stockholm i 2025 og til Nordnorsk kunstmuseum i Bodø våren 2026.
Frå seinhausten 2026 skal Historjá bli vist på Nordnorsk kunstmuseum i Tromsø, og KORO har allereie fått fleire førespurnader om utlån i 2027. Men på eit eller anna tidspunkt skal verket heim igjen til UiT – og da er det for godt.
Universitetet legg mykje ressursar i å førebu heimkomsten. Dei har mellom anna engasjert Maria Perdomo, sivilarkitekt og partnar i arkitektkontoret INCUBE, som arkitekt og prosjektleiar. Rolla hennar er å sjå på moglegheitene for ei ny permanent utstillings- og bevaringsløysing for Historjá i Solhallen. – Når vi skal bevare eit verk for kommande generasjonar, treng vi eit godt dokumentert utgangspunkt: Kva er tilstanden til verket i dag, og korleis endrar det seg over tid?

Materiale vil endre seg, sjølv med gode bevaringstiltak. Den digitale dokumentasjonen gir oss eit viktig grunnlag for å følge utviklinga og ta informerte avgjerder om bevaring, seier Perdomo.
Tanken og ønsket er å gjere Historjá digitalt tilgjengeleg, ikkje berre på campus saman med det utstilte broderiet, men også andre stader. Da kan ein zoome inn på stinga, studere både framsida og baksida og komme tett på detaljar som er vanskeleg å få auge på i ein vanleg utstillingssituasjon. Oppløysinga på bilda er mange gonger betre enn oppløysinga på bilde vi finn på internett i dag.
– Dette gjer det mogleg for forskarar og konservatorar å undersøke verket, samtidig som eit breiare publikum kan utforske detaljane og oppleve verket sjølv om dei er ein annan stad. På sikt kan materialet også brukast i interaktive løysingar for læring og formidling, mellom anna for barn og unge. Slik kan dokumentasjonen støtte bevaringsarbeidet og opne nye vegar til kunnskap om samisk kunst, kultur og historie, seier Perdomo.
– Eg trur universitet og andre offentlege stader har eit stort potensial som arenaer for kunst. I Solhallen ønsker vi å sjå bevaring, arkitektur og formidling i samanheng, slik at fleire kan møte verket og bli kjent med historiene det fortel. Å arbeide med eit verk som Historjá inneber eit stort ansvar. Derfor bygger vi arbeidet på samarbeid mellom ulike fagmiljø og på kunnskapen dokumentasjonen og undersøkingane gir oss.

Forvaltning for framtida
Historjá er ikkje eitt samanhengande tekstil, men er sett saman av to broderte delar. Mens den eine halvdelen blei skanna, låg den andre mjukt og skånsamt beskytta på eit bord i konserveringsatelieret.
Å frakte eit tekstilverk som er 24 meter langt og vel 40 cm i breidde byr på utfordringar: – Tidlegare blei verket frakta i ei kasse med ein stor trommel som ein rulla tekstilet rundt. Det var ikkje gunstig, verket blei strekt, og vi fekk ein del diagonale brettar, seier Fredrik Qvale, konservator i KORO.
– Nå fraktar vi det folda, bretta rundt puter, for å unngå press på kunstverket.

Konserveringsstudiet ved Universitetet i Oslo var positive da KORO trong ein passande stad for arbeidet. Konserveringsstudiet har nyleg flytta inn nye lokale, og hadde nok plass til å huse det monumentale verket ei lita stund. Kjellargolvet i betong sikrar dessutan at det blir minst mogleg vibrasjon i underlaget under skanninga. Verket blir skanna flatt, mens det ligg på golvet.

– Det er veldig artig at KORO kan utforske nye bevaringsmetodar for å dokumentere eit så sentralt arbeid. Nå hentar vi ut så mykje informasjon frå verket som vi klarer med teknologien vi har tilgjengeleg i dag, slik at vi kan beskytte kunstverket mot alt for mykje direkte handtering. Og viss noko mot formodning skulle skje med det, så har vi den beste dokumentasjonen som finst for å kunne lage ein replika, seier Qvale.
Etter skanninga blei lyskjensla til verket testa ved hjelp av såkalla mikrofading. Metoden brukast til å måle lysfølsomheten til ulike materialar, pigment og fargestoff i til dømes eit tekstilverk.
– Det er ideelt å kunne dokumentere eit verk mens det framleis er i god stand. Ved å kartlegge tilstanden og materiala grundig kan vi i kunstforvaltning arbeide meir forebyggande og sikre best mogleg bevaring i framtida, seier Qvale.
Finn nye detaljar
UiT har etablert ei tverrfagleg gruppe for å finne gode løysingar for den framtidige bevaringa av Historjá. Ingrid Skard Skomedal, leiar for seksjon for kunstforvaltning i KORO, skildrar prosessen og samarbeidet som lærerikt, inspirerande og heilt avgjerande.
– Vi jobbar i eit lite og sårbart forskingsfelt og har ikkje fasilitetane til å handtere eit verk som dette aleine. Også samarbeidet med UiO og Nasjonalmuseet, som har hjelpt oss med lagring, har vore heilt nødvendig og veldig positivt.
Den digitale reproduksjonen av Historjá blir den tredje totalt. På UiT blir det vist eit tekstiltrykk mens originalen er på utlån. I tillegg finst det eit tekstiltrykk som Marakatt-Labba sjølv tok initiativ til i forbindelse med ei utstilling av rundt 140 av kunstverka hennar i Nordiska akvarellmuseet i Sverige, som opna i september.
Den digitale reproduksjonen er likevel den mest detaljerte. Materiala, fargane og stinga kan studerast i submillimeteroppløysing, og skanninga har til og med avdekt nye, til nå ukjende, detaljar.
– Vi har mellom anna funne nokre nye linjer og underteikningar som vi ikkje har sett før. Denne skanninga har gitt oss mykje meir innhald enn vi forventa, seier Skard Skomedal.

– Det kjem til å ta tid å behandle skannet, strukturere og sikre all dataen og finne rett plattform å vise den på. Men med digital dokumentasjon tilgjengeleg også i framtida gir vi universell tilgang til verket.
Lær meir om Historjá:
Var dette nyttig?
Takk for din tilbakemelding!
Takk for din tilbakemelding!
Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.


