Vil du søkje oppdrag som kunstkonsulent til kunst i offentlege rom? Koubang og Reidar (2023) av Gisle Harr er ein del av kunstprosjektet på Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad. Illustrasjonsfoto. (c) Gisle Harr / BONO. Foto: Pål Hoff / KORO.

Ny oppdragsportal for kunst i offentlege rom – i samarbeid med KiN

KORO sin oppdragsportal har fått ei visuell oppgradering og eit nytt domenenamn –  offentligkunstoppdrag.no. Samstundes har vi inngått eit samarbeid med KiN (Kunstsentera i Noreg), som inneber at både KORO og KiN kan gi rettleiing i bruk av portalen.

KORO har gjennom fleire år drifta ein digital oppdragsportal, der både KORO sjølv og andre aktørar i feltet har lyst ut oppdrag knytte til kunst i offentlege rom, hovudsakleg konsulent- og kuratoroppdrag.

Frå og med 23.6.26 har oppdragsportalen fått ei visuell oppgradering og eit nytt domenenamn – offentligkunstoppdrag.no.

Samstundes har KORO inngått eit samarbeid med KiN (Kunstsentera i Noreg), som inneber at både KORO og KiN har lenker til oppdragsportalen på sine nettsider, og at oppdragsgivarar kan få rettleiing i bruk av portalen både frå KORO og KiN.

Det er framleis KORO som eig og driftar portalen.

Ønskjer auka bruk av oppdragsportalen

KORO er staten sitt fagorgan for kunst i offentlege rom, og har som mål både å bidra til at det blir fleire oppdrag til kunstnarar, og å nå publikum over heile landet med kunst der dei ferdast og oppheld seg. Håpet er at den nye oppdragsportalen, og samarbeidet med KiN, vil styrkje begge desse måla.

Medan KORO sine oppdrag er knytt til dei statlege byggeprosjekta gjennom Statsbygg og Forsvarsbygg, er kommunane og fylkeskommunane ansvarleg for prosjekt på kommunalt og fylkeskommunalt nivå, så som skular, sjukeheim m.m.

– Gjennom dette nye samarbeidet med Kunstsentera i Noreg, håpar vi at endå fleire oppdragsgivarar og søkjarar vil finne fram til og nytte seg av portalen, seier KORO-direktør Karianne Kampevold Sætre. – Med 15 kunstsenter over heile landet, har KiN eit breitt nettverk i alle regionane i Noreg. Auka aktivitet i oppdragsportalen vil gagne både publikum og kunstfeltet over heile landet.

Som kompetansesenter i regionen sin, speler kunstsentera ei viktig rolle i lokale og regionale prosjekt for kunst i offentleg rom. Dei har òg eit nært samarbeid med kommunar og fylkeskommunar. KiN har ei eiga satsing på kunst i offentlege rom, forkorta til KiOR, og ei eiga gruppe som jobbar med kompetanseheving innan feltet.

Også KiN er glad for det nye samarbeidet.

– Samarbeidet med KORO gjer det mogleg å samle heile feltet for kunst i offentlege rom på éi felles plattform. Oppdragsportalen synleggjer både statlege og regionale oppdrag, styrkjer rekrutteringa av kunstnarar og kunstkonsulentar og byggjer ei tydelegare bru mellom KORO sitt nasjonale ansvar og KiN sitt regionale arbeid i heile landet, seier Merete Hovdenak, dagleg leiar i Kunstsentera i Noreg (KiN).

Merete Hovdenak frå Kunstsentera i Noreg og Karianne Kampevold Sætre frå KORO er begge glade for det nye samarbeidet om portalen offentligkunstoppdrag.no. Foto Nicolas Tourrenc (KiN) / Niklas Hart (KORO)

Nye jobbmoglegheiter

Gjennom plattforma offentligkunstoppdrag.no kan offentlege og private aktørar lyse ut oppdrag relaterte til kunst i offentlege rom, og kunstkonsulentar, kuratorar og kunstnarar over heile landet kan finne spennande jobbmoglegheiter.

KORO nyttar framleis portalen til å lyse ut eigne oppdrag.

I det den nye oppdragsportalen blir lansert, ligg heile 20 nye konsulentoppdrag ute, alle knytt til det store prosjektet Kunstlandskap Midt –eit ambisiøst og langsiktig kunstprosjekt i Trøndelag og Møre og Romsdal. Oppdraga deler seg på 21 kommunar i regionen, og skal leggje grunnlaget for varige kunstprosjekt som blir realiserte fram mot Noregs tusenårsjubileum i 2030.

Sparebankstiftinga SMN har gitt 50 millionar kroner i gåve til satsinga. Målet er å styrkje rolla til kunsten i stadutvikling, løfte kompetansen på kunst i offentleg rom og skape nye fellesskap gjennom kunstnariske prosessar. Kunstkonsulentar frå heile landet vert oppmoda til å søke på oppdrag i ei av de største regionale satsinga på kunst i offentleg rom i nyare tid.

Les meir om Kunstlandskap Midt her, og sjå utlysinga til kunstkonsulentoppdraga på offentligkunstoppdrag.no

Forsvarsbygg har flytta verneverdige hus bort frå kampflybasen på Ørland i Trøndelag, ein av kommunane som søkjer kunstkonsulent. Bygningane skal få nytt liv i ein ny bydel på Brekstad, eit av byutvikingsomårda som er løfta fram som ei mogleg plass for kunstprosjektet i Ørland. Foto: Homaira Fayez.

Det tidlegare konsulentnettverket blir avvikla

Samstundes med den visuelle og tekniske fornyinga av oppdragsportalen, avviklar vi KORO sitt konsulentnettverk. Avgjerda er teken saman med KiN, og reflekterer ei endring i praksis for både utlysing og fordeling av konsulent- og kuratoroppdrag rundt om i landet. Nettverket blei etablert før framveksten av sosiale medium og er per i dag lite brukt.

I staden vil kunstkonsulentar, kuratorar, kunstnarar og andre kunne abonnere på e-postvarslingar for å få melding om nye, utlyste oppdrag. Alle tidlegare medlemmer av konsulentnettverket er overførte til lista over mottakarar av e-postvarsling, og alle som er interesserte i å få varsel, kan melde seg på via den nye portalsida.

Les meir om den nye oppdragsportalen på offentligkunstoppdrag.no

Les flere aktueltsaker fra KORO

Var dette nyttig?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.

Lukk