KORO-direktør Øystein Strand opnar seminaret om kunst i regjeringskvartalet torsdag 9. oktober. Foto: Niklas Hart
,

Sjå opptak frå seminaret om kunsten i regjeringskvartalet her!

9. oktober heldt KORO eit seminar om kunsten i regjeringskvartalet. Her fekk publikum og dei som følgde strøyminga møte kunstnarar og kuratorar frå prosjektet.

Bidragsytarane var: Jumana Manna, Outi Pieski, Damla Kilickiran, Mari Slaattelid, Michelle A. Tisdel, Eivind Hofstad Evjemo, Gine Cornelia Pedersen, Priya Bains, Nora C. Nerdrum, Helga-Marie Nordby og Drew Snyder. Ordstyrar var Øystein Strand.


No kan du sjå opptak frå seminaret her:

Innhald

11.30: Direktør i KORO Øystein Strand ønsker velkomen

11.35: Statssekretær Trude Storheim frå Kultur- og likestillingsdepartementet opnar seminaret.

11.42-13.05:
Nora C. Nerdrum, sjefskurator og seksjonsleiar i KORO, vil snakke om den store oppgåva det er å byggje ei kunstsamling for regjeringskvartalet, ei samling som vil bestå av både eldre verk, innkjøp og nye produksjonar.

Seniorkurator i KORO, Drew Snyder, går nærare inn på dei nye, integrerte verka til Damla Kilickiran, Jumana Manna og Outi Pieski, før dei tre kunstnarane sjølv presenterer og samtalar om sine prosjekt.

13.05: Pause og enkel servering

13.40-14.45:
Michelle Tisdel, sosialantropolog og forskar II ved Nasjonalbiblioteket, startar den andre delen av seminaret med sitt foredrag Art as Heritage: Contact Zones and the Symbolic Landscape.

Nora C. Nerdrum: To hundre kunstnere, tredve skisser, fire vegger: kunst til departementenes inngangspartier

Nerdrum vil fortelje meir om kunsten i inngangspartia i dei nye departementsbygga, der mellom anna Mari Slaattelid er i gang med å måle rett på vegg. Møt Slaattelid i samtale med Drew Snyder om kunstnariske arbeid in situ (på stedet) i regjeringskvartalet.

14.45: Kort pause

14.55-15.35:
Eivind Hofstad Evjemo er medredaktør for boka Her lå en dam (arbeidstittel), som kjem ut på Cappelen Damm i 2026. Evjemo vil presentere antologien, som gjennom tekst og biletkunst skildrar bydelen Hammersborg, der regjeringskvartalet byggjast. To av bidragsytarane til boka, Gine Cornelia Pedersen og Priya Bains, vil lese utdrag frå boka.

Parken som kunstrom er tema for Helga-Marie Nordby, kurator i KORO, som reflekterer rundt arbeidet med kunst til den nye regjeringsparken, som skal opne for publikum i 2029.

Les flere aktueltsaker fra KORO

Var dette nyttig?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.

Lukk