
Mottakarar av Masterstipend frå KORO 2025
For fjerde gång blei det våren 2025 utlyst fire stipend for MA-studentar, i år var summen økt til 60 000 kroner kvar.
Masterstipendet er meint til å oppmode til meir akademisk forsking på kunst i offentlege rom. Stipendet er retta mot studentar på MA-studier som planlegg å skrive ei oppgåve innan til dømes kunsthistorie, estetikk, kunstteori, konservering, formidling, kuratering, duodji, eller urbanisme/byplanlegging. Studentane må ikkje nødvendigvis skrive om kunstverk frå KORO si samling, men om dei gjer det vil det vere mogleg å tilgang til KORO sitt arkiv og å få rådgjeving og samtaler med relevante fagpersonar. Les meir om utlysninga og kriteriane her. I juryen satt seniorkurator i KORO Trude Schjelderup Iversen, seksjonsledar for kunstforvaltning i KORO Ingrid Skard Skolmedal, kurator formidling i KORO Ann Lisbeth Hemmingsen, samt eksternt jurymedlem Hanne Hammer Stien, professor i kunsthistorie ved Kunstakademiet, UiT Noregs arkiske universitet.
Desse fire får kvart sitt stipend på 60 000 kr:
Soraya Jaques Rodrigues, Universidade Catolica Portugesa Porto/Universitetsmuseet i Bergen. Rodrigues skal skrive om bevaring og dokumentasjon av UiBs offentlege kunstsamling. I oppgåva vil ho ta for seg kunst både frå KORO sine prosjekt og kunst som har kome til gjennom andre aktørar.
Kristine Hille Halvorsen, UiT Noregs arktiske Universitet, Tromsø. Med utgangspunkt i Britta Marakatt-Labba sitt tekstilarbeid Historjá (2004-7), som i si tid blei laga til UiT, vil Halvorsen ta for seg performativitet og om kunstverket sin kontekst på ein offentleg plass som universitetet, sett mot når det visast i ei klassisk museumsutstilling.
Elena Berg, Oslo Met. Korleis representerast samisk kultur i offentleg kunst i Noreg i dag? Kva slags forteljingar, kodar og maktforhold pregar representasjonane? For å belyse desse spørsmåla vil Berg analysere eit utval kunstverk frå dei siste åra, mellom anna KORO-prosjekta til Samisk vidaregåande skule i Karasjok frå 2020 og Outi Pieski sitt nye kunstverk AAhkA til regjeringskvartalet, som monterast på plass hausten 2025.
Leif Magne Tangen, UiT Noregs arktiske universitet, Tromsø. Tangen planlegg å skrive si oppgåve om Hans Ragnar Mathisen og korleis han har jobba med distribusjon av eigen kunst i det offentlege rom.
Neste søknadsfrist vil bli annonsert i 2026.
Var dette nyttig?
Takk for din tilbakemelding!
Takk for din tilbakemelding!
Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.